Annonse

Frp kan ikkje kalle seg «lov og orden-partiet», meiner Ap

- Stortinget vedtek måndag eit justisbudsjett som vil svekkje rettssikkerheita, meiner leiaren til justiskomiteen Lene Vågslid frå Arbeidarpartiet.

Annonse

Ap meiner det er mange grunnar til å kritisere justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) for det budsjettet som politiet, domstolane og fengsla skal styre etter neste år.

- Offer for kriminalitet kjem til å måtte vente endå lenger for å få avklart sakene dei står i. Grunnbemanninga i politiet blir svekt, og det blir dårlegare rettssikkerheit for folk, seier Aps justispolitiske talsperson Lene Vågslid til NTB.

Soningskøane var Frps kronargument mot justispolitikken til den raudgrøne regjeringa. No har desse køane vorte erstatta med køar av offer for kriminalitet, ifølgje Ap.

- Det blir brukt store pengar på norsk politi, men ikkje på det som får hjula til å gå rundt. Tida då Frp kunne kalle seg «lov og orden-partiet» er over, for dei evnar ikkje å ta vare på grunnstrukturen i politiet. Det er den som sørgjer for å vareta sikkerheita her i landet, poengterer Vågslid.

- Den største politisatsinga

Justisminister Tor Mikkel Wara meiner regjeringa hans har stått for den største politisatsinga gjennom tidene.

- Det har aldri vore satsa så mykje pengar på politiet nokon gong før i Noregs historie, seier han til NRKs Politisk kvartar.

- Det har kome 1.600 fleire politifolk med denne regjeringa. Vi har høgare oppklaringsprosent og lågare restansar enn då Ap sat med justisministeren, seier Wara.

Han viser òg til at soningskøen er avskaffa, og at 10.000 «kriminelle utlendingar» er sendt ut av landet.

- Det har vore ei formidabel satsing på å få ned kriminaliteten, og det gir utslag, seier han.

- Wara provoserer

Vågslid understrekar at Ap støttar det som går til «datasenter og betong», men viser til at Ap i det alternative budsjettforslaget sitt totalt har plussa på justisbudsjettet med over 600 millionar kroner.

- Det er ganske provoserande å bli møtt av ein justisminister som slår seg på brystet og seier at det aldri er brukt så mykje pengar på norsk politi som no. Det blir heilt meiningslaust når vi veit at det ikkje er Politidirektoratet som varetar grunnberedskapen her i landet, seier Vågslid.

Fleire meldingar

Ifølgje Aps kartlegging går fleire politidistrikt inn i 2019 med budsjettunderskot som er opparbeidd gjennom 2018.

- Det blir varsla om nedbemanning i fleire store politidistrikt. Politireforma skulle gi meir lokal politikraft, men no er det det motsette som skjer. Reforma har vorte ein sparereform, stikk i strid med semja som er inngått på Stortinget. Samtidig går mengder meldingar av alvorleg kriminalitet opp, ikkje minst for valdtekt. Men mengda saker som kjem opp for domstolane, aukar ikkje. Det er eit stort paradoks, seier Vågslid.

Mange åtvaringar

I tillegg går tida opp frå ei politimelding er levert til ei sak kjem opp for retten. Dermed blir det stadig fleire domfelte som får strafferabatt.

- Dette strider utvilsamt mot rettskjensla til folk. Og det manglar ikkje på åtvaringar. Eg har sete i justiskomiteen på Stortinget i seks år, og aldri tidlegare har vi fått så knusande tilbakemeldingar i ei budsjetthøyring frå domstolane og dei tillitsvalde som representerer fotfolket i politiet som i haust, seier Vågslid.

(©NPK)

Svekt rettssikkerheit er resultatet av det justisbudsjettet som Stortinget vedtek måndag, ifølgje Aps justispolitiske talsperson Lene Vågslid. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix