Frp krev 1 milliard til omstilling for reiselivs- og eventbransjen

Frp vil styrkje omstillingspotten til hardt prøvde verksemder innan event- og reiselivsbransjen med 1 milliard kroner.

– Vi ser at desse bransjane har det ekstremt tøft fordi aktiviteten er så å seie heilt fråverande, seier Frps finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi til NTB.

Frp vil til veka fremje forslag om å vidareføre den såkalla omstillingsordninga for reiselivsbedrifter, og dessutan styrkje henne.

– I fjor vart det først sett av 250 millionar kroner, så bidrog Frp til å styrkje ordninga til 350 millionar kroner i forhandlingar med regjeringa. No ønskjer vi å auke ordninga til 1 milliard inn i eit omstillingsfond, seier Limi.

– Vi veit at det er søkt for langt meir enn løyvd ramme, så det tyder på at ordninga er populær og treffer godt, seier Limi.

Han meiner det òg er god distriktspolitikk fordi mange av bedriftene er ute i distrikta.

– Ordninga kan bidra til å sikre at flest mogleg bedrifter kjem seg gjennom pandemien, og at dei står endå betre rusta til auka aktivitet når smitteverntiltaka blir reduserte og blir tekne ned, seier han.

Ordninga har til no vorte administrert via Innovasjon Noreg, noko Frp ønsker skal vidareførast.

Limi og Frp er i helga i samtalar med dei andre opposisjonspartia om forsterka krisepakketiltak. Forslaget er eitt av fleire koronatiltak partiet vil fremje i Stortinget til veka.

(©NPK)

Frp og finanspolitisk talsperson Hans Andreas Limi foreslår å setje av 1 milliard kroner til ein omstillingspott for reiselivs- og eventbransjen. Foto: Terje Pedersen / NTB