Frp krev kartlegging av muslimske SFO-ar

Framstegspartiet ønsker ei kartlegging av religiøse internatskular i Noreg.

Jon Helgheim, Frps integreringspolitiske talsperson, meiner SFO-verksemd frå religiøse aktørar i Noreg må kartleggast grundig, skriv Vårt Land.

Problemstillinga er aktualisert etter at Aftenposten har skrive fleire artiklar om Det Islamske Kultursenters tilbod i Drammen som mellom anna omfattar religionsundervisning etter skuletid og overnatting.

- Vi må kartlegge innhaldet, og det må vurderast retningslinjer, seier Helgheim.

I mai 2018 vedtok Stortinget eit forslag som mellom anna bad regjeringa om å innføre eit statleg tilsyn for såkalla koranskular. Forslaget kom frå Ap, men Frp braut med eiga regjering for å sikre fleirtal.

Helgheim meiner barna som deltar i fritidstilbodet til forsamlingane mistar moglegheita til å omgåast andre barn og lære seg det norske språket.

Aps integreringspolitiske talsperson. Siri Gåsemyr Staalesen, foreslår ein forpliktande samfunnskontrakt for trussamfunn, noko Ap ikkje fekk fleirtal for i 2018.

- Ein slik kontrakt kunne forplikta eit trussamfunn til å forhindre kjønnssegregering og radikalisering, og til å krevje norsk som førstespråk, seier ho.

(©NPK)

Frps Jon Helgheim meiner barna som deltar i fritidstilbod laga av trussamfunn mister moglegheita til å omgåast andre barn og lære seg det norske språket. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix