Annonse

Frp meiner Bondelaget driv valkamp for Sp

Framstegspartiet skuldar Norges Bondelag for å drive valkamp for Senterpartiet i jordbruksoppgjeret. Torsdag vart det brot.

Landbrukspolitisk talsperson for Frp, Sivert Bjørnstad, går hardt ut mot Norges Bondelag etter brotet i jordbruksoppgjeret. Overfor Nationen skuldar han Norges Bondelag for å drive valkamp for Senterpartiet

– Det er som kjent val i år, og at Bondelaget har starta valkampen for Senterpartiet, kan ikkje overraske nokon, seier Bjørnstad til avisa.

Han meiner det ser ut som brotet har vore planlagt, sidan bøndene ikkje eingong var villige til å setje seg ned ved forhandlingsbordet.

Bondelaget tilbakeviser påstandane om at dei driv valkamp.

– Dette er ein reaksjon på tilbodet. Sikre bøndene og framtida, det er det som er Bondelagets jobb. Dette er ikkje ein valkamp, seier kommunikasjonssjef Lise Christina Boeck Jakobsen i Norges Bondelag til Frp-utspelet.

(©NPK)

Landbrukspolitisk talsperson for Frp Sivert Bjørnstad skuldar Norges Bondelag for å drive valkamp for Senterpartiet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB