Frp opnar for mopedlappen til 15-åringar

I utkastet til nytt partiprogram vil Framstegspartiet senke aldersgrensa for førarkort for moped til 15 år og for bil til 17 år.

I tillegg vil dei senke aldersgrensa for å køyre snøskuter til 15 år, skriv Nationen.

I dag er grensa for moped og snøskuter 16 år, medan ho som kjent er 18 år for bil.

– Mange i distrikta er opptekne av dette. Ungdom er litt meir opptekne av moped og å mekke traktor enn i byane. Avstandane på bygda er mykje større. Her opplever eg at det skil litt mellom bygd og by, seier Bård Hoksrud, transportpolitisk talsperson i Frp.

Det er likevel ein dissens frå mindretalet i programkomiteen. Dermed ligg det an til kamp om saka på landsmøtet til helga, der Frp skal vedta nytt program.

(©NPK)

Framstegspartiet kan gå inn for at 15-åringar får køyre moped.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK