Frp-politikar meldt for underslag - seier opp stortingsjobb

Adrian Ness Løvsjø seier opp stillinga si som rådgjevar i Frps stortingsgruppe, og søkjer permisjon frå alle verv etter å ha vorte meldt for underslag.

Ness Løvsjø er ordførarkandidat og gruppeleiar for Porsgrunn Frp, men trekker seg no mellombels frå alle verv. Han seier òg opp jobben han nyleg fekk som rådgivar i stortingsgruppa til partiet.

Årsaka er at han er meld for underslag, skriv Telemarksavisa. Ness Løvsjø stadfestar opplysningane på si eiga Facebook-side:

«Det har i dag blitt kjent at jeg har gjort en alvorlig feil i et tidligere arbeidsforhold. Dette er noe jeg beklager på det sterkeste. På grunn av situasjonen jeg har satt meg selv i har jeg valgt å søke permisjon fra mine folkevalgte og tillitsverv i partiet inntil videre. Jeg vil framover jobbe hardt for å bygge opp igjen tillit både hos mine partifeller og hos mine nære og kjære. Beklager!»

Underslag

Ness Løvsjø har òg sendt ut ei pressemelding der det står at han vart sagt opp av Kiwi på grunn av eit underslag på 30.000 kroner.

- Eg har i det tidlegare arbeidsforholdet mitt i Kiwi i januar vorte sagt opp på bakgrunn av underslag. Dette er noko eg angrar sterkt på og som eg gjerne skulle vore forutan. Saka er meld av den tidlegare arbeidsgivaren min og er under behandling av politiet i Grenland, skriv han.

Ness Løvsjø understrekar òg at han har betalt tilbake beløpet til den tidlegare arbeidsgivaren sin.

Skuffa fylkesleiar

Fylkesleiar i Vestfold og Telemark Frp, Frode Gaasland Hestnes, synest det er rett av Ness Løvsjø å søke permisjon og trekke seg frå tillitsverv.

- Først og fremst synest vi det er beklageleg at han set partiet i den situasjonen han gjer. Vidare synest vi det er bra at han vel å vere ærleg og legge alle korta på bordet, seier Gaasland Hestnes til Dagbladet.

Partileiar i Porsgrunn Frp, Nelly Olsen, seier i ei pressemelding at det er fint at Ness Løvsjø er open om situasjonen sin.

- Dette er ein særs trist og beklageleg sak for lokalpartiet og for Adrian, uttaler ho.

(©NPK)

Adrian Ness Løvsjø trekker seg frå stillinga si som rådgjevar i Frps stortingsgruppe. Foto: Frp / NTB scanpix