Frp slår seg saman med Raudt, SV og Sp i omkampen mot Acer

Frp er blant partia som stemde for å melde Noreg inn i Acer for berre tre år sidan. No har dei ombestemt seg og er imot ei tilknyting til EUs energibyrå.

I Stortingets energi- og miljøkomiteen kom det tysdag fram at også Frp stiller seg bak forslaget til Sp og Raudt om å seie nei til vidare norsk tilpassing til Acer.

– Acer var noko vi gjekk med på som eit kompromiss i regjering på same måte som ein inngår andre kompromiss. No ønskjer vi å trekkje Noreg ut av Acer og sikre nasjonal råderett over ressursane, seier Gisle Meininger Saudland (Frp) i komiteen til NTB.

Det var Framstegspartiets Terje Søviknes som var olje- og energiminister då Acer-saka vart lagt fram for Stortinget i våren 2018. Han kalla den gongen kritikken og motstanden av Acer for skremselspropaganda. Sidan har posten som olje- og energiminister vorte overteken av Kjell-Børge Freiberg og Sylvi Listhaug, som også er frå Frp.

Frp støttar no omkampen saman med Raudt, SV og Sp. Dette er ikkje nok til å få eit fleirtal i Stortinget.

I mars tillét Høgsterett at Nei til EU får reise saka om EUs tredje energimarknadspakke. Behandling av saka vil starte i Oslo tingrett, truleg ein gong til hausten eller tidleg i 2022.

Prinsippet i saka liknar på saka om jernbanepakken frå slutten av mars der Høgsterett avgjorde spørsmålet om grada av styresmaktsoverføring frå Stortinget til EU.

(©NPK)

Framstegspartiets Terje Søviknes som var olje- og energiminister då Acer-saka vart lagt fram for Stortinget våren 2018. Foto: Lise Åserud / NTB