Frp snur om gummigranulat-vedtak i Stortinget – sikrar fleirtal for nasjonal strategi
Framstegspartiet gjer heilomvending og stiller seg bak at det må utarbeidast ein nasjonal strategi for utfasing av gummigranulat i idretten. Dermed blir forslaget vedteke tysdag.
Det er Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som står bak representantforslaget som skal stemmast over i Stortinget. Forslaget vart fremja av representantane Une Bastholm og Lan Marie Nguyen Berg i sommar.
Då saka tidlegare i haust var oppe i energi- og miljøkomiteen vende regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og dessutan Framstegspartiet, tommelen ned. No har sistnemnde snudd.
– Framstegspartiet vil no sikre fleirtal for forslaget om å be regjeringa leggje fram ein handlingsplan for omstillinga vekk frå gummigranulat. På denne måten får staten og idretten ei felles forståing av omfanget, kostnadsbiletet og nødvendig framgangsmåte i arbeidet med å fase ut gummigranulatet, seier stortingsrepresentant Marius Arion Nilsen (Frp).
Han sit i han nemnde energi- og miljøkomiteen som har hatt saka til behandling.
Med Frp på laget sikrar MDG, Høgre, Venstre, SV, Raudt og KrF etter alle solemerke fleirtal når det skal voterast tysdag.
Regjeringas svar
I byrjinga av oktober kom regjeringa med sitt svar til forslaget frå Bastholm og Nguyen Berg. Der peikar dåverande klima- og miljøminister Espen Barth Eide på at det frå styresmaktenes side er oppretta dialog med Norges Fotballforbund (NFF) i saka.
Vidare viser statsråden til at NFF allereie har sett i gang ei rekke tiltak for å kartleggje ei rekke forhold rundt arbeidet med utfasing av gummigranulat. Regjeringa har over neste års statsbudsjett løyvd 5,5 millionar kroner til prosjektet.
«I lys av arbeidet som nå skjer på feltet, ser vi ikke at det i tillegg er behov for at regjeringen legger fram en strategi for en omstilling», konkluderer Barth Eide.
No går det altså likevel mot at opposisjonen pålegg regjeringa å setje i gang dette arbeidet.
Miljøpartiet Dei Grøne har tidlegare kravd at regjeringa tek grep rundt gummigranulat-utfordringane norske fotballklubbar står overfor før EU-forbodet trer i kraft i 2031.
Det er brei semje om at ein må byte ut det miljøfiendtlege banefyllet, men til så lenge er det ingen som veit kva som skal erstatte dei små, svarte gummikulene.
Norges Fotballforbund (NFF) og Norges idrettsforbund (NIF) har stilt seg bak MDGs krav og leverte høyringssvar før behandlinga i energi- og miljøkomiteen (EMK).
Retta kritikk
Etter behandlinga i komiteen var MDG-leiar Arild Hermstad tydeleg overfor NTB at han også ønskte Frp med på laget før voteringa tysdag.
– Eg er ekstremt skuffa over at Frp her støtter regjeringa og sviktar norsk breiddeidrett som betyr så mykje for så mange nordmenn. Dersom dei ikkje snur, så trur eg alle bankande fotballhjarter vil merke seg at Frp ikkje står opp for fotballen i heile landet, sa Hermstad.
Frp reagerer på Hermstads utspel.
– Dette er urettmessig kritikk frå Hermstad. Vi alle er kjende med utfordringane breiddeidretten står overfor når gummigranulat skal fasast ut. Det er store kostnader relaterte til omstillinga, som idretten på ingen måte kan bere åleine, seier Marius Arion Nilsen til NTB og legg til:
– Frp er oppteken av at vegen som blir vald framover er gjennomtenkt, økonomisk forsvarleg og gir reell miljøgevinst. Frp har derfor vedteke å støtte forslaget om ein handlingsplan for omstillinga vekk frå gummigranulat.
Felles forståing
Norges Fotballforbund har anslått at omstillinga bort frå gummigranulat vil koste 10 milliardar kroner.
– Å vedta kostbare miljø- og klimatiltak, utan grundig utgreiing på pris og miljø- eller klimaeffekt er Frp imot. Vi ser derfor fram til å få dette klargjort gjennom vedtaket om ein handlingsplan, seier Marius Arion Nilsen.
MDG-leiar Hermstad seier til NTB at strategien skal setje rammer for ein plan som skal gi norske idrettsklubbar ein trygg overgang bort frå gummikulene.
– Vi treng støtte til utvikling av ny teknologi, nye løysingar og nye banar. Staten kan til dømes bidra med momsfritak på alternativ til gummigranulat og bidra til trygg avhending av farleg avfall frå gamle banar. Staten kan også lage ein tydeleg plan for kven som skal ta kva kostnader. Alt det kan ein nasjonal strategi setje rammene for, seier partileiaren.
(©NPK)
OI 2031 blir det forbode med gummigranulat på fotballbaner. Det håper opposisjonen skal unngå å gi norske klubber trøbbel med einn nasjonal strategi for utfasing av gummigranulat. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK