Frp svært skuffa over ulvevedtaket til eiga regjering

Frp meiner ulvevedtaket til eiga regjering er «svært skuffande». - Eg har full forståing for at folk i område med mykje ulv vil reagere kraftig, seier talsmann.

Frps rovdyrpolitiske talsmann Terje Halleland meiner regjeringa no har valt å sjå bort frå ulveforliket.

- Eg synest dette vedtaket er svært skuffande. Ein vel no å sjå heilt bort frå ulveforliket som eit breitt fleirtal på Stortinget inngjekk. Vi vil med dette liggje langt over bestandsmåla, og eg har full forståing for at folk i områda med mykje ulv vil reagere kraftig på dette, seier han.

Trass i oppmoding frå rovviltnemndene om å ta ut tre ulveflokkar innanfor ulvesona, har regjeringa vedteke at berre Slettåsflokken skal takast ut.

- Det er berre éin konklusjon ein kan trekkje av dette: Om det er slik at lova står i vegen for at ulveforliket skal oppfyllast, ja, då må vi få endra lova. Det vil eg ta initiativ til, seier Halleland.

(©NPK)

Frps rovdyrpolitiske talsmann Terje Halleland (Frp). Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix