Annonse

Frp vil vite kvifor Bakke-Jensen ikkje stod på søkjarliste

Bengt Rune Strifeldt i Frp krev svar på kvifor statsråd Frank Bakke-Jensen (H) ikkje stod på søkjarlista til stillinga som ny direktør for Fiskeridirektoratet.

– Eg og fleire med meg har reagert på at Frank Bakke-Jensen vart utnemnd som ny fiskeridirektør utan å ha stått på den offentleg tilgjengelege søkjarlista. Det er oppsiktsvekkjande, og ein gjer seg tankar rundt tilsetjingsprosessen, seier stortingsrepresentanten frå Finnmark til NTB.

– Det var fleire interessante kandidatar som hadde søkt på jobben på regulært vis, mellom anna regiondirektør i Fiskeridirektoratet Siri Meling, som har vore omtalt som ein favoritt. Når det då kjem ein mann med partiboka i orden frå sidelinja og kaprar jobben, kan ein undrast i kva grad søknadsprosessen har vore reell, seier Strifeldt.

Han etterlyser no eit klart svar på kvifor forsvarsministeren «tilsynelatande har fått denne toppjobben utan å søkje».

Strifeldt vil sende eit skriftleg spørsmål til næringsminister Iselin Nybø (V) om saka denne veka.

– Eg vil understreke at dette ikkje handlar om kritikk mot Bakke-Jensen, verken som person eller politikar, då eg trur han sikkert kan vere skikka for jobben. Men det er tilsetjingsprosessen her som verkar uryddig, seier han.

(©NPK)

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) er innstilt som ny fiskeridirektør.
Foto: Heiko Junge / NTB