Annonse

Fryktar journalistar vil bli rettsforfølgde i kjølvatnet av Assange

Forkjemparar for pressefridom fryktar at journalistar og medium kan komme til å bli stilte for retten i USA i kjølvatnet av tiltalen mot Julian Assange.

Annonse

USA utvida torsdag tiltalen mot grunnleggaren av nettstaden WikiLeaks kraftig. Assange blir ikkje lenger skulda berre for å ha medverka til hacking, men for å ha brote amerikanske lover mot spionasje.

I tiltalen frå det amerikanske justisdepartementet blir det hevda at Assange har skadd den nasjonale tryggleiken då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument.

Fleire presseorganisasjonar og medieekspertar reagerer sterkt på utviklinga i saka og ser ho som skremmande.

- At Julian Assange blir tiltalt for brot på spionasjelova, er ein direkte trussel mot pressefridommen og undersøkande journalistikk, åtvarar Reportere uten grenser.

Irak og Afghanistan

Bakgrunnen for skuldingane mot Assange er avsløringar som WikiLeaks stod bak for rundt ti år sidan.

Hundretusentals hemmelegstempla amerikanske dokument vart offentleggjorde og lagde ut på nettet. Mange av dei dreidde seg om den amerikanske krigføringa i Irak og Afghanistan.

WikiLeaks publiserte òg eit videoopptak av journalistar og andre sivile som vart drepne av amerikanske soldatar i eit kamphelikopter i Irak.

I USA er den tidlegare soldaten og etterretningsanalytikaren Chelsea Manning tidlegare dømt til fengsel for å ha leke mange av dokumenta.

Assanges rolle i saka var likevel primært å bidra til at informasjonen vart offentleggjord - sjølv om USAs justisdepartement meiner han òg hjelpte Manning i samband med datainnbrot.

- Assange er ikkje journalist

- Ein ting er å tiltale ein offentleg tenestemann som har gjort ein eid om ikkje å avsløre hemmeleg informasjon. Noko anna er å tiltale nokon utanfor regjeringa som publiserer eller ber om å få informasjonen. Det er noko journalistar gjer heile tida, seier tidlegare regjeringstalsmann Matthew Miller til avisa New York Times.

Miller var talsperson for det amerikanske justisdepartementet då Barack Obama var president.

Også i Obamas tid ved makta skal departementet ha vurdert å tiltale Assange. Men den gongen vart dette visstnok droppa fordi det var vanskeleg å skilje mellom Assanges rolle og ordinær journalistikk.

Trump-regjeringa prøver i tiltalen sin å halde oppe skiljet, og visejustisminister John Demers insisterte torsdag på at Assange ikkje er journalist.

Dei konkrete skuldingane i tiltalen dreier seg mellom anna om korleis WikiLeaks sette hemmelege kjelder i krigsområde i fare ved å publisere dokument der dei blir omtalte med fullt namn.

- Alvorleg trussel

Påstanden til styresmaktene om at Assange ikkje er journalist, bidrar likevel ikkje til å roe forkjemparane for pressefridom og borgarrettar.

Tiltalen er eit direkte angrep på pressefridommen i USA, meiner American Civil Liberties Union. «Ein alvorleg trussel», meiner Reporters Committee for Freedom of the Press.

I ein kronikk på nettsidene til den britiske kringkastaren BBC skriv den amerikanske jussprofessoren Jonathan Turley at Assange kan bli den første journalisten i moderne tid som blir stilt for retten på brot på USAs spionasjelover.

- Viss dette lykkast, blir han definitivt ikkje den siste, skriv Turley.

Han meiner risikoen blir forsterka av at USA har ein president som ofte angrip media og kallar dei «folkefiendar».

Den kjente amerikanske gravejournalisten Seymour Hersh gir uttrykk for den same uroa.

- I dag Assange, i morgon, kanskje, New York Times og andre medium som publiserte så mykje av dei viktige nyheitene og informasjonen som Assange skaffa til vegar, seier Hersh til New York Times.

Assange sit i dag fengsla i Storbritannia etter å ha fått oppheva asylet sitt i Ecuadors ambassade i London. Britiske rettsstyresmakter må avgjere om han kan utleverast til USA.

(©NPK)

USAs justisdepartement offentleggjorde torsdag ein tiltale på 18 punkt mot Julian Assange, her på ein plakat under ein protest i London 1. mai. Foto: AP / Matt Dunham / NTB scanpix