Fugleteljing: Nedgang for meisar og gråsisik

500.000 fuglar i rundt 11.000 hagar vart rapporterte i hagefuglteljinga i år. Talet på fuglar er relativt lågt og kan forklarast med fråvær av gråsisik.

Ifølgje Norsk Ornitologisk Forening var oppslutninga om teljinga i år rekordstor.

- Målet vårt om å nå rapportar frå 10.000 hagar vart innfridd i år. Med 523.000 fuglar talde i 10.670 hagar vart dette den beste oppslutninga om hagefuglteljinga nokosinne. Denne store mengda med rapportar gjer at vi får god innsikt i førekomsten av dei vanlegaste hagefuglane våre om vinteren, skriv foreininga.

Vinterutbreiing

Mellom anna gir informasjonen eit godt innblikk i vinterutbreiinga til artane og førekomsten.

- Før teljinga i år var det mange som kontakta oss med bekymringar over lite fuglar på fôringsplassane sine. Dette kunne hagefuglteljinga bekrefte, då det vart eit lågmål når det gjeld talet på individ per hage. Gjennomsnittet i perioden 2008-2018 var 55 fuglar per hage. I år enda det opp med 49 fuglar per hage, det same som i 2017, ifølgje Norsk Ornitologisk Forening.

Gråsisik trekker ned

Mykje av forklaringa på det låge talet er mangelen på gråsisik, melder foreininga. I år er han ikkje med på topp ti-lista, etter å ha hatt sjuandeplassen i fjor.

- Nokre år, som i fjor, er gråsisiken på farten. Dei kjem gjerne i enorme flokkar og kan setje sitt preg sitt på fôringsplassar over store delar av landet. I år var det magert med gråsisik i det meste av landet, og dette fekk utslag på den totale mengda fuglar i hagane, skriv foreininga.

Til liks med i 2016 har meisane ein dupp i førekomsten, noko som kan forklarast med unormalt låge temperaturar og dermed lite tilgang på insektlarvar. Likevel er det kjøttmeis og blåmeis som toppar lista.

Sjeldne fuglar

I teljinga i år er det også rapportert inn nokre sjeldne fuglar i norsk samanheng.

- Årets sjeldnaste art var nok kvithovudsporven som vart sett på ein fôringsplass i Nord-Trøndelag, men ein isfugl som held til i ei elv som går forbi ein hage i Bamble i Telemark, er heller ikkje noko ein opplever ofte på våre breiddegrader, skriv Norsk Ornitologisk Forening.

Ein halsbandparakitt i Østfold har også fått merksemd. Dette er ein vanleg burfugl, og den aktuelle fuglen er ein rømling som har overlevd fleire vintrar på rad. Han vart funnen på ein fôringsplass i Moss under hagefugltellingen i år. Endå ein slik fugl vart observert i fri natur i Skedsmo i Akershus.

Resultat frå teljinga

Dei ti vanlegaste artane under hagefugltelljnga 2019, med kor mange hagar dei vart funne i (prosent og mengde) og tala på individ:

1. Kjøttmeis, 93 prosent, 9.963 hagar, 76.391 individ

2. Blåmeis, 80 prosent, 8.611 hagar, 50.778 individ

3. Skor, 74 prosent, 7.908 hagar, 31.244 individ

4. Svarttrost, 46 prosent, 4.986 hagar, 17.778 individ

5. Spettmeis, 41 prosent, 4.431 hagar, 9.332 individ

6. Dompap, 38 prosent, 4.153 hagar, 33.510 individ

7. Gråsporv, 37 prosent, 3.982 hagar, 5.0531 individ

8. Raudstrupe, 36 prosent, 3.916 hagar, 6.003 individ

9. Pilfink, 35 prosent, 3.768 hagar, 43.455 individ

10. Grønfink, 34 prosent, 3.643 hagar, 41.256 individ

Kjelde: Norsk Ornitologisk Forening

(©NPK)

Blåmeis og kjøttmeis på fôringsautomat. Dei to artane toppar lista i teljinga. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...