Fylkesnes ut mot regjeringa etter aksjesal i Entra

Nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes i SV seier at salet av aksjar i Entra viser at «salet av Noreg held fram». Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen slår tilbake.

- Det er heilt meiningslaust - høgrepolitikk på autopilot. Regjeringa sel eigedom i Noreg, men bruker pengane på å kjøpe eigedom i London og resten av verda, seier Fylkesnes til Dagbladet.

Næringsdepartementet selde meir enn 20,2 millionar Entra-aksjar på auksjon førre veke. Entra er eitt av dei største eigedomsselskapa i Noreg og hadde i første kvartal ein eigedomsportefølje med ein marknadsverdi på 46,4 milliardar kroner.

- Eg fryktar endå ein gong at vi sel norske verdiar til nasjonar som kan ha interesser som kolliderer med våre. Det er ganske naivt av regjeringa å ikkje sjå den problemstillinga, seier Fylkesnes, som nemner Kina som døme.

Næringsminister Røe Isaksen (H) seier at han er overraska over kritikken.

- Fylkesnes viser at han i det heile ikkje har følgt med i timen, ikkje eingong på kva hans eige parti har støtta. Entra er eit vanleg kommersielt selskap der staten ikkje har hatt noko anna mål enn høgast mogleg avkasting på kapitalen, seier ministeren.

(©NPK)

Torgeir Knag Fylkesnes seier at «salet av Noreg held fram». Foto: Berit Roald / NTB scanpix