Annonse

Fylkesordførar etterlyser nasjonal munnbind-tilråding

Fylkesordføraren i Vestland meiner regjeringa burde komme med ei nasjonal tilråding om munnbind i kollektivtrafikken og ikkje berre for Oslo og Indre Østfold.

– Folk i Bergen synest òg at det er ubehageleg å stå for tett saman. Eg tolkar styresmaktene slik at dei meiner smitterisikoen her er låg, elles hadde dei nok gitt andre råd. Men det er eg i tvil om er rett, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland til NRK.

Han meiner at styresmaktene bør gi eit nasjonalt påbod eller råd om å bruke munnbind i kollektivtrafikken.

– Det er det einaste som alle kjem til å følgje. Det såg vi i vår, påpeikar han.

Også Kollektivtrafikkforeningen stiller seg bak Askeland.

– Der ein ikkje kan unngå å vere nær andre, bør det komme råd om å bruke munnbind, seier dagleg leiar Olov Grøtting, som også ber alle som ikkje må ta kollektivt, om å unngå dette.

(©NPK)

Fleire tek til orde for at regjeringa burde komme med eit nasjonalt råd om bruk av munnbind i kollektivtrafikken. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix