Klargjør siden...
Annonse

Gagarin-byste avduka i Bergen

(NPK-NTB): Onsdag vart ein byste av den sovjetiske kosmonauten Jurij Gagarin avduka i Bergen, 52 år etter at han som var det første mennesket i verdsrommet, besøkte byen.

Bysten er plassert ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen og er ei gåve frå den russiske stiftinga «Dialogue of Cultures – United World Fund», som har donert slike bystar til over 20 land over heile verda.

Den russiske chargé d'affaires Svetlana Ozhegova representerte Russland da ho saman med rektor Dag Rune Olsen avduka bysten.

Jurij Gagarin vart det første mennesket i verdsrommet og til å fly i bane rundt jorda i 1961. Etter romferda vart han ein kjendis og drog verda rundt på turné som goodwillambassadør for Sovjetunionen.

Tre år etter romferda kom Gagarin til Bergen på invitasjon frå astrofysikaren Guro Gjellestad ved Geofysisk institutt. Han heldt eit foredrag for eit stappfullt auditorium.

I 1968 omkom romhelten i ei flyulykke utanfor Moskva. (©NPK)

Ein byste av den sovjetiske kosmonauten Jurij Gagarin vart onsdag avduka ved Universitetet i Bergen. Jurij Gagarin var det første mennesket i verdsrommet og var ei superstjerne da han besøkte Bergen i 1964. Rektor ved universitetet Dag Rune Olsen saman med chargé d'affaires Svetlana Ozhegova frå den russiske ambassaden. Foto: Emil W. Breistein / NTB scanpix

Jurij Gagarin, det første mennesket i verdsrommet, står no på sokkel ved Universitetet i Bergen. Bysten av han vart avduka onsdag og er ei gåve frå den russiske stiftinga «Dialogue of Cultures – United World Fund». Gagarin var ei superstjerne da han besøkte Bergen i 1964. Foto: Emil W. Breistein / NTB scanpix

Annonse