Annonse

Gamletrenaren om Haaland-overgangen: – Erling var usikker

Erling Braut Haalands tidlegare trenar i Salzburg, Jesse Marsch, seier no at nordmannen ikkje tok lett på valet om å byte klubb allereie i vinter.

Annonse

Haaland signerte 29. desember i fjor kontrakten med Borussia Dortmund og forlét dermed Salzburg etter berre eit snautt år i klubben. Dei første månadene som bundesligaspelar har vore eit eventyr.

No seier likevel gamletrenaren Jesse Marsch at rogalendingen ikkje verka sikker på at tidspunktet for å ta det neste steget i karrieren var det rette.

– Erling var usikker på kva han skulle gjere – og når. Han visste at rolla hans i Salzburg var spesiell. Salzburg var viktig for utviklinga hans, seier han i eit intervju med austerrikske Spox.

Fleire diskusjonar

I Intervjuet blir Marsch utfordra på korleis han opplevde overgangane til både Haaland og Takumi Minamino. Sistnemnde vart henta til Liverpool samtidig som nordmannen gjekk til Dortmund.

Marsch er tydeleg på at Minamino allereie på eit tidleg tidspunkt i sesongen varsla at han truleg ville byte klubb i januarvindauget. Annleis var det med Haaland.

– Det var betydeleg fleire diskusjonar rundt Erling. At han var yngre enn Taki gjorde det desto viktigare å handtere situasjonen skikkeleg. Det kravde meir arbeid slik at han ikkje mista fokus, seier Marsch.

Salzburg-sjefen ber ikkje nag til Haaland som følgje av at han enda opp med å signere Dortmund-kontrakten. Tvert imot.

– Til slutt var det vanskeleg å ikkje forstå avgjerda hans. Erfaringane vi hadde med han og faren var fantastiske, og vi vil ikkje gløyme dei. Vi er stolte av Erling og suksessen hans, seier Marsch.

Historisk hat trick

Haaland skaffa seg for alvor eit namn i Fotball-Europa då han som den yngste spelaren nokosinne skåra hat-trick i løpet av ein omgang i meisterligadebuten mot Genk i september i fjor. Den prestasjonen blir ikkje så gløymd lett i Salzburg-miljøet heller.

No er det Dortmund som har glede av evnene til rogalendingen. Nett no er rett nok fotballen sett på vent som følgje av situasjonen rundt koronaviruset.

Når kampaktiviteten blir teken opp att veit ingen heilt sikkert.

(©NPK)

Erling Braut Haaland var ikkje sikker på om det var rett å forlate Salzburg. Foto: Marcel Kusch/dpa via AP / NTB scanpix