Annonse

23 drepne i israelske flyangrep mot Gazastripa

Den valdelege konflikten mellom militante grupper på Gazastripa og Israel ser ikkje ut til å minke. Totalt er 23 palestinarar drepne dei siste par dagane.

I tillegg er fleire enn 60 palestinarar såra etter at kampane blussa opp tidleg tysdag, ifølgje helsedepartementet på Gazastripa.

Ifølgje lokale kjelder er fleirtalet av dei drepne medlemmer av den militante gruppa Islamsk jihad. I tillegg er fire sivile - blant dei eit barn - drepne.

Rakettar på israelsk territorium

Onsdag vart det sendt nye rakettar inn over israelske område frå Gazastripa etter ein pause på natta. Det israelske forsvaret seier at det er sendt minst 250 rakettar inn på israelsk territorium sidan tysdag. Den siste runden vart utløyst av eit israelsk flyangrep som tok livet av ein framståande leiar av Islamsk jihad.

Israelarane seier rakettforsvaret deira har stoppa 90 prosent av missila: Sjølv om nokre israelske bustadhus er trefte av rakettar, har det ikkje gått liv tapt på den israelske sida.

I Israel var skular som ligg mindre enn 40 kilometer frå grensa til Gazastripa, stengde onsdag.

Viser ingen teikn til nedtrapping

Islamsk jihad har kalla drapet på leiaren Bahaa Abu el-Atta for ei krigserklæring, men leiinga i Hamas, som styrer den palestinske enklaven, har førebels ikkje engasjert seg tungt. Dette blir av observatørar tolka som eit teikn på at den siste runden med kamphandlingar blir kortvarig.

Samtidig viser verken Israel eller Islamsk jihad teikn til at dei er villige til å trekkje seg.

Ahmad al-Modallah, ein av leiarane for gruppa på Gazastripa, seier i ei fråsegn at det framleis er tidleg å snakke om ei våpenkvile med Israel.

Samtidig har Israels statsminister Benjamin Netanyahu sagt at Israel ikkje har noka interesse av å nøre opp under ein større konfrontasjon. Han åtvarar likevel den iranskstøtta gruppa om at Israel vil halde fram med å slå tilbake til rakettangrepa stansar.

- Dei veit at vi vil halde fram med å angripe dei utan nåde, seier Netanyahu.

- Dei har eitt val: å enten stoppe desse angrepa eller å få fleire og fleire motangrep.

(©NPK)

Israelsk politi fjernar ein av rakettane som vart sende frå Gazastripa onsdag. Ifølgje det israelske militæret har meir enn 250 rakettar vorte sende inn på israelsk territorium. Foto: AP Photo / Tsafrir Abayov / NTB scanpix