Klargjør siden...
Annonse

Geografisk ubalanse blant Noregs mektigaste

(NPK-NTB): Kun éin av styreleiarane i dei 30 største selskapa staten eig er busett nord for Lillehammer. Styreleiarane i ni av dei ti største selskapa er busett i Oslo.

15 av dei 30 styreleiarane i Noregs største selskap er busett i Oslo, og berre éin er busett nord for Lillehammer, skriv Trønder-Avisa.

Trondheims Høgre-topp Yngve Brox seier tala er alarmerande, og at det er heilt uakseptabelt.

– Vi må leve med at det sit mykje kompetanse i Oslo og austlandsområdet, men ein slik ubalanse er rett og slett ikkje til å leve med, seier han.

Kartlegginga tar for seg alle eigarutpeikte styremedlemmer i selskap kor staten eig minst halvparten. Om ein ser på dei 177 styremedlemmene i dei 30 selskapa er framleis berre 20 av dei busett i dei fem nordlegaste fylka i landet.

– Dette har nok dessverre ingenting med den regjeringa vi har i dag å gjere. Statsapparatet både administrativt og politisk har ein tendens til å sitte på kanten av navlen sin og kikke innover, seier Brox.

Næringsminister Monica Mæland meiner tala speglar av delen innbyggjarar regionalt i Noreg.

– I styrevalarbeidet til departementet blir det systematisk arbeidd mellom anna med å identifisere potensielle styrekandidatar frå heile landet. Dette er eit arbeid eg har vore opptatt av sidan eg tok over som næringsminister, seier ho. (©NPK)