Annonse

Gigantmøte for United og Liverpool i meisterligaen

Manchester United skal måle krefter mot Paris Saint-Germains stjernegalleri i åttedelsfinalen til meisterligaen.

Det vart klart under trekninga av åttedelsfinalane i sveitsiske Nyon måndag. Ikkje uventa vart utfallet tøft for United, Liverpool, Tottenham og dei fleste andre toarane frå gruppespelet.

For Manchester City vart det derimot ei draumetrekning i UEFA-hovudkvarteret i Nyon. Josep Guardiolas menn møter tyske Schalke, som på papiret var den enklaste motstandaren den engelske seriemeisteren kunne trekkje.

Ei rekkje storoppgjer ventar når sluttspelet startar i midten av februar. Liverpool, som spelte finale i fjor, skal ut i eit tøft dobbeltoppgjer mot Bayern München, medan regjerande meister Real Madrid møter nederlandske Ajax.

Tottenham møter den tyske serieleiaren Borussia Dortmund, medan eit anna stormøte blir Atlético Madrid-Juventus.

Lyon opnar heime mot 2015-vinnar Barcelona, medan Roma truleg slapp lettast frå det av laga som enda på 2.-plass i gruppespelet. Det italienske hovudstadsslaget skal nemleg opp mot Porto.

Toarlaga speler heime først, og dei første oppgjera blir spelt 12., 13., 19. og 20. februar. Returoppgjera går 5., 6., 12. og 13. mars.

(©NPK)

Neymar kjem på Manchester-besøk i februar. Foto: Thibault Camus / AP / NTB scanpix