Annonse

Gir ikkje opp atomavtalen med Iran

Iran meiner at Europa framleis viser vilje til å redde atomavtalen. Men det hastar med å få avtalen til å fungere.

Storbritannia, Frankrike, Tyskland og EU jobbar framleis med å få på plass eit betalingssystem som gjer det mogleg å framleis handle med Iran.

Målet er å redde restane av atomavtalen, som Iran og seks stormakter inngjekk i 2015, men som USA seinare har trekt seg frå. Resultatet vart at Iran igjen vart ramma av harde sanksjonar, som også har ført til at handelen med andre land har krympa kraftig.

Onsdag møttest representantar for dei partane som framleis er med i avtalen – Iran, Russland, Kina, Tyskland, Frankrike, Storbritannia og EU – i Wien for å drøfte korleis dei kan redde han. Det er det første møtet sidan dei europeiske landa i midten av januar utløyste ein tvisteløysingsmekanisme som er nedfelt i avtalen.

EU-diplomaten som leidde møtet, Helga Schmid, seier at enkelte deltakarar uttrykte sterk uro for Irans manglande gjennomføring av avtalen, samtidig som det var semje om at Iran ikkje har kunna hauste fordelane ved atomavtalen på grunn av USAs tilbaketog.

– Tidspress

Ekspertar har, ifølgje Schmid, fått i oppgåve å løyse problema, som har vekt uro på begge sider av bordet: på den eine sida Teherans avtalebrot, og på den andre sida den kraftige verknaden som dei amerikanske sanksjonane har hatt på den iranske økonomien.

– Vi jobbar mot klokka, åtvara den kinesiske representanten i Det internasjonale atomenergibyrået, Wang Qun.

Samtidig peika partane på at det trass alt har vore ei positiv utvikling i dei europeiske forsøka på å få på plass betalingssystemet Instex, som skal gjere det mogleg å gjennomføre legitim handel med Iran trass dei amerikanske sanksjonane.

Det har enno ikkje vorte gjennomført ei einaste betalingsoverføring via Instex, men Iran ventar framleis at det skal kunne spele ei viktig rolle framover, ifølgje Irans viseutanriksminister Seyed Abbas Araghchi.

Trur framleis på Europa

Han seier at det finst vilje i dei europeiske landa til å få systemet til å fungere, og han understrekar at Iran er villig til igjen å slutte seg til dei delane av atomavtalen som landet har gått bort frå. Vilkåret er at den iranske økonomien skal kunne tene på atomavtalen, slik meininga var.

I januar kunngjorde dei iranske styresmaktene at dei ikkje lenger kjende seg forplikta til å følgje delar av avtalen, mellom anna når det gjaldt oppriking av uran. Men Iran har ikkje brote dei andre delane av avtalen, ifølgje diplomatar.

Då dei europeiske landa utløyste tvisteløysingsmekanismen i januar, protesterte Iran kraftig ettersom dette på sikt kan føre til nye internasjonale sanksjonar mot Iran. Dei europeiske landa har likevel halde fast på at dei ikkje hadde noko val, og at målet er å redde avtalen, ikkje vrake han.

(©NPK)

EU-diplomat Helga Schmid leidde onsdag møtet med Iran, her representert ved viseutanriksminister Abbas Araghchi. Foto: AP / NTB scanpix