Annonse

«Giret gjeng» vil ta sjumilssteg mot EM-sluttspel

Maren Mjelde og landslagsvenninnene skal endeleg spele kamp igjen og går rett på alvoret. Med siger over Wales tysdag er EM-billetten i praksis sikra.

Annonse

– Vi gler oss veldig, for det er lenge sidan sist, og det er ekstra stas at vi skal spele her på Ullevaal. Vi er ein gira gjeng, seier lagkapteinen.

Ho leier landslaget ut på ein tom nasjonalarena tysdag kveld, og ambisjonen er å sørgje for at luka til gruppetoaren veks til sju poeng med tre kampar igjen å spele.

Hadde ikkje førre vekes kamp mot Kviterussland vorte utsett til oktober på grunn av karantenereglane, kunne Noreg definitivt kvittert ut EM-billett tysdag. No må dei vente minst ein månad, men det er ikkje hastverk. Sluttspelet er først sommaren 2022.

Wales er nest høgast rangert i Noregs gruppe (34.-plass på Fifa-rankinga mot Noregs 12.-plass), men walisarane har i kvalifiseringa spelt uavgjort to gonger mot eit nordirsk lag Noreg slo 6–0 både borte og heime.

Etter kampen på tysdag har Noreg igjen kampar mot Kviterussland (h), Wales (b) og Færøyane (h).

Alternativt år

Landslaget for menn møttest tidlegare i månaden for første gong på ni månader. Så lang har ikkje pausen vore for kvinnene, som rakk å sikre 3.-plass i Algarve Cup med 2-1-siger over New Zealand 10. mars, rett før all idrett vart stoppa.

– Vi har ein veldig rar periode bak oss, men likevel har vi mista berre ei samling. Det var ho vi skulle hatt i juni, seier landslagssjef Martin Sjögren.

– Vi har ikkje mista så mange samlingsdøgn, men restriksjonane har tvinga oss til å jobbe på litt alternative måtar.

Det var etterlengta då han førre veke kunne samle 24 spelarar, og ei veke med daglege treningar har gjort godt.

Dette vi vil

– Vi er vant til å ha lite tid saman. Det siste halve året har det vore endå mindre tid, men no var det mogleg å samle alle. Det er dette vi vil halde på med, å førebu oss til kampar saman med jentene og jobbe med utviklinga vår, seier Sjögren.

Den siste økta før kampen vart unnagjort på Ullevaal, og alle i troppen unnateke Anja Sønstevold var i full gang. Fleury-spelaren nøgde seg med sykling og jogging.

Sjögren testa den antekne startellevaren mot reservane, som stilte opp i 5-4-1-formasjonen Wales venteleg vil komme med.

Noregs sannsynlege lag: Cecilie Fiskerstrand – Ingrid Moe Wold, Maren Mjelde, Maria Thorisdottir, Kristine Minde – Amalie Eikeland, Vilde Bøe Risa, Ingrid Syrstad Engen, Guro Reiten – Caroline Graham Hansen, Lisa-Marie Utland.

(©NPK)

Maren Mjelde seier at det er ein «giret gjeng» som skal spele landskamp for første gang på over eit halvt år. Kvinnelandslaget har i ei veke trent saman under eit strengt smittevernregime, og tysdag er det EM-kvalifiseringskamp mot Wales. Foto: Jil Yngland / NTB

Guro Reiten og Caroline Graham Hansen på veg til bussen iført munnbind etter måndagens landslagstrening på Ullevaal. Foto: Jil Yngland / NTB

Martin Sjögren (i bakgrunnen) fekk sjå tente spelarar trene på Ullevaal måndag, dagen før kvinnelandslagets første kamp på over eit halvt år. Den kan i praksis sikre EM-billetten. Foto: Jil Yngland / NTB