Giske: Bra for selskapa at eigar holder fanen høgt

(NPK-NTB): Det er ein god hjelp for statseigde selskap som etablerer seg i utlandet at eigar seier tydeleg ifrå om nulltoleranse mot korrupsjon, seier tidlegare næringsminister Trond Giske (Ap).

Giske stilte fredag i kontrollkomiteens høyring om Telenor og VimpelCom. Han var sjølv næringsminister i 2012, då den første uroa om Vimpelcoms mobilsatsing i Usbekistan dukka opp.

– Vi hadde fleire dialogmøte i 2013, men denne saka blei ikkje diskutert konkret, sa Giske, som påpeikte at det så langt ikkje komme fram noko som endrar på forklaringa han gav i den førre høyringa om saka.

Komitéleiar Martin Kolberg var oppteken av om departementet hadde opplevd det som eit problem at VimpelCom var registrert på Bermuda, der regelverket skal ha hindra flyt av informasjon frå Vimpelcom-styret til Telenor.

– Dette var aldri ei problemstilling, sa Giske i høyringa.

– Vår oppgåve som eigar er å syte for at selskap tek antikorrupsjonsarbeidet på alvor, la han til og peikte på at det ofte er ein styrke for selskap som Telenor, som opererer i land med høg politisk risiko, at eigar seier tydeleg ifrå om nulltoleranse for «brune konvoluttar « og snuskete forretningar.

– Det kan lette på presset mot selskapa, sa han. (©NPK)

Annonse