Annonse

Gladnyheit for Lundby – får verdscupopning før jul likevel

Koronapandemien såg ut til å skyve verdscupopninga for Maren Lundby og dei beste kvinnelege skihopparane i verda til i slutten av januar. Slik blir det ikkje.

Annonse

No stadfestar både Det internasjonale skiforbundet (FIS) og Det austerrikske skiforbundet at det blir verdscupopning for Lundby & co. i Ramsau 18. desember.

Jarl Magnus Riiber og resten av kombinerteliten på herresida skal konkurrere i den austerrikske skibyen allereie same helg. I tillegg har FIS vedteke at den historiske verdscupopninga for kombinertkvinnene, som eigentleg skulle gått på Lillehammer kommande helg, også blir flytta dit.

Dermed blir det felles helg for kombinertsirkuset og kvinnehopparane i Austerrike før jul.

Det er første gong i historia at kombinertkvinnene går verdscuprenn.

Utsett eller avlyst

Hoppsjef Clas Brede Bråthen er glad for at sesongen for Maren Lundby og kollegaene hennar no ser ut til å starte ein månad tidlegare enn frykta.

– Det er veldig bra at dei legg til rette for dette. Vi som er glade i jentehopp, synest det er veldig trist sånn det har vorte. For vår del snakkar vi om at den mestvinnande utøvaren i Skiforbundet dei siste tre åra ikkje kunne fått starta verdscupen før i slutten av januar. Det er inga verdig handtering av ei idrettsgrein i systemet, seier han.

Kvinnehopparane skulle ha opna sesongen på Lillehammer kommande helg, men dei renna er utsette som følgje av koronapandemien. Dei planlagde renna i Zao og Sapporo i Japan i byrjinga av januar er avlyste av same grunn.

Dermed låg renna i Ljubno i Slovenia frå 22. til 24. november an til å bli dei første i verdscupen denne vinteren. Slik blir det no ikkje.

Respekt

Renna i Hinterzarten i Tyskland, som skulle gått etter renna i Ljubno i januar, er flytta til Titisee-Neustadt. Hoppsjef Bråthen er klar på at mange avlyste eller utsette renn kan få konsekvensar.

– Eg fryktar for motivasjonen til utøvarane i lengda. Kvar einaste gong det er noko, ser det ut som det går utover jentene i bakken. Det synest eg er leitt. Vi burde vere i stand til å handtere dette med meir respekt enn det, seier han.

Dei mannlege verdscuphopparane er godt i gang med sin sesong. Sist helg var det renn i Ruka i Finland.

No tyder alt på at Lundby & co. også kjem i gang om få veker – saman med kombinertkvinnene.

– Vi vil rette ein stor takk til det austerrikske skiforbundet og arrangørane i Ramsau for den fantastiske støtta deira ved å ta på seg dette arrangementet, særleg i den vanskelege tida vi er inne i. For kvinnene våre er dette ein verdscuppremiere, og det vil derfor vere ei hending for historiebøkene, seier rennsjefen for kombinertløparane Lasse Ottesen.

(©NPK)

Maren Lundby fekk gode nyheiter måndag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB