Annonse

Glenn Solberg ny landslagstrenar for Sverige

Glenn Solberg vart tysdag presentert som Sveriges nye landslagstrenar i handball for menn. Han erstattar Kristjan Andresson frå neste år.

Annonse

Solberg erstattar Andresson etter EM-sluttspelet i januar 2020. Det vart slik NRK erfarte allereie måndag. Han startar i jobben i september, men på heiltid blir det først frå januar 2020.

Solberg blir første ikkje-svenske i jobben. Forgjengaren Andresson er fødd i Sverige og blir rekna som svensk-islandsk.

I ei pressemelding seier Solberg at målet er å høyre til i verdstoppen.

- Det er ei god kjensle. Eg er stolt over å få leie eit fantastisk landslag. Eg vart veldig stolt og glad berre for å vere ein kandidat til jobben for eit landslag som har gode tradisjonar og ei fin historie. Eg er ekstremt motivert, seier 47-åringen.

Han har skrive under på ein kontrakt til og med OL 2024 og får med seg noverande assistenttrenar Martin Boquist i teamet.

- Eg ser verkeleg fram til å jobbe saman med Martin. Han var veldig klok som speler, og verdiane våre er samstemde. Eg er overtydd om at vi kjem å få eit fint samarbeid. Vi kjem til å bygge vidare på det som er, og forhåpentlegvis kan eg bringe inn nokre nye saker, heiter det i pressemeldinga.

For få veker sidan leidde Solberg St. Hallvard til opprykk i eliteserien. Laget vart seriemeister med tre kampar igjen å spele. Solberg er òg knytt til det tyske Bundesliga-laget Flensburg-Handewitt.

Som spelar representerte han Drammen, Nordhorn, Barcelona og Flensburg-Handewitt. Han fekk òg 122 landskampar for Noreg.

Glenn Solberg har også vore assisterande landslagstrenar for Noreg under Christian Berge fram til 2016, og han var også trenar for rekruttlandslaget.

(©NPK)

Glenn Solberg vart tysdag presentert som Sveriges nye landslagstrenar i handball. Foto: Peter Vikström/Handbollslandslaget / NTB scanpix