Global klimastreik kan slå alle rekordar

Skuleelevar over heile verda gjekk fredag til streik for klimaet - for tredje gong. Klimaaktivist Greta Thunberg (17) kallar den enorme deltakinga ein siger.

Demonstrasjonane fredag vart haldne i forkant av at leiarane i verda møtest i New York neste veke for å delta på FNs hovudforsamling. Måndag samlast statsoverhovuda til FNs klimatoppmøte.

Den globale klimastreiken eller Fridays for Future, er inspirert av svenske Greta Thunberg, som starta protestbølgja då ho byrja å skulke skulen og setje seg framfor riksdagen kvar fredag. Etter kvart har ho fått med seg skuleelevar i fleire land i protestrørsla «Fridays for Future».

I USA var det planlagt over 800 arrangement fredag, mellom anna i New York der dei 1,1 millionane skuleelevane i byen hadde fått fri for å klimastreike, ifølgje The New York Times.

Håper på vendepunkt

- Eg kunne aldri ha føresett eller trudd at dette ville skje, og at det ville skje så raskt, seier den svenske 17-åringen til nyheitsbyrået AP fredag ettermiddag.

Thunberg håper at den globale streiken på fredag fører til eit vendepunkt. Ho meiner at den enorme deltakinga i demonstrasjonane er «ein siger», og at leiarane i verda bør «skamme seg» om dei ikkje i større grad jobbar for å kjempe mot global oppvarming og klimaendringar.

Klimaprotesten fredag kan bli ein av dei største globale klimaprotestane i historia. Asias unge sparka det heile i gang, og i Australia gjekk meir enn 300.000 klimademonstrantar ut i gatene i Melbourne og Sydney og over 100 andre små og store byar, ifølgje arrangørane. Protestane kan dermed ha vore dei største i landet sidan Irak-krigen i 2003.

Global streik

Deretter gjekk det slag i slag: I ei rekke øystatar i Stillehavet var det protestar fredag, medan over 200 ungdommar storma miljødepartementet i Thailands hovudstad Bangkok og la seg ned for å spele døde, ifølgje Reuters.

Demonstrantane krev meir handling frå styresmaktene.

- Thailand er eitt av landa som er mest sårbare for klimaendringar. Vi ser allereie konsekvensane av tørke, flaum og mangel på vatn, alt dette skjer allereie, seier ein av arrangørane, Nanticha Ocharoenchai, til nyheitsbyrået DPA.

Også i Japan, Hongkong, India, Sør-Afrika, Uganda, Filippinane, Afghanistan, Polen og ei rekke andre land vart det arrangert klimastreik fredag.

Fekk fri

I Tyskland var det varsla rundt 400 protestar fredag, same dag som koalisjonsregjeringa til Angela Merkel greidde å bli samde om ei pakke med tiltak for å kutte utsleppa etter ein 18 timars maratonforhandling.

I Storbritannia samla titusenvis av skuleelevar seg fredag ettermiddag utanfor Parlamentet i London. Nokre av demonstrantane i London hadde plakatar med slagord som «ikkje ver ein fossil tulling» og «make our planet Greta again», som ein referanse til den 17 år gamle klimaaktivisten Greta Thunberg.

Ifølgje talsmenn for den globale rørsla Youth Strike 4 Climate vart det arrangert over 200 klimademonstrasjonar landet over.

Ni streikar i Noreg

I Noreg var det planlagt streikar fredag på ni stader, frå Svalbard til Kristiansand, opplyser Natur og Ungdom. I Oslo møttest ungdommane på Eidsvolls plass framfor Stortinget.

- Vi er dritlei av feige politikarar som lèt klimaendringar gå ut over verda vår og framtida vår, heiter det frå arrangementet.

Nestleiar Haldis Tjeldflaat Helle i Natur og Ungdom meiner demonstrasjonane må få konsekvensar for dei internasjonale samtalane.

- Vi forventar at statsminister Erna Solberg tar oss på alvor og kunngjer eit skifte i norsk klimapolitikk på FN-toppmøtet neste veke, seier ho i ei pressemelding.

Toppmøte for ungdom

Natur og Ungdom forventar òg at statsbudsjettet til regjeringa, som blir presentert 7. oktober, legg opp til utsleppskutt i eit tempo som samsvarer med Noregs klimamål om 45 prosent utsleppskutt innan 2030.

- Det siste året har over 60.000 barn og unge streika for å krevje klimahandling. No er det på tide at regjeringa gir oss eit statsbudsjett som tar klima- og naturkrisa på alvor, seier Helle.

I tillegg til klimatoppmøtet på måndag arrangerer FN laurdag òg det første toppmøtet i historia for unge leiarar og klimaaktivistar.

(©NPK)

Ein oppblåsbar klode var med under demonstrasjonen i Sydney. Australias fungerande statsminister Michael McCormack meiner at protestane «berre er forstyrrande». Foto: Rick Rycroft / AP / NTB scanpix

I Tyskland deltok titusenvis i klimastreikar i fleire byar, samtidig som den tyske regjeringa kunngjorde at dei er blitt einige om ein pakke med nye klimatiltak. Foto: AP / NTB scanpix

I Storbritannia var det venta rekordhøgt frammøte til den tredje globale skolestreiken for klimaet. Foto: AP / NTB scanpix

I Sør-Afrika, Uganda, Kenya og ei rekke andre land var det klimademonstrasjonar fredag. Foto: AP / NTB scanpix