Annonse

God oljepris auka handelsoverskotet i september

Handelsoverskotet i september enda på 21,1 milliardar kroner noko som kjem av ein høg eksportverdi på 81 milliardar kroner.

Eksporten av varer i september i år auka dermed med 14,5 milliardar kroner samanlikna med september i fjor, og det kjem i all hovudsak av utviklinga i olje- og gassprisane.

Vareimporten var på det jamne med 59,9 milliardar kroner i september, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Verdien av råoljeeksporten på 25,7 milliardar kroner har ikkje vore høgare sidan april 2014 og inneber ein auke på over 50 prosent frå september i fjor. Forklaringa er ein oljepris på 663 kroner fatet i gjennomsnitt, ein auke på 223 kroner frå september 2017.

Oppgang var det også i eksportverdien for naturgass som enda på 19,1 milliardar kroner, ein auke på 38,4 prosent frå september i fjor. Eit noko lågare eksportvolum blir vege opp av ein høgare pris.

Fastlandseksporten enda på 34,8 milliardar kroner i september, og den var om lag uendra frå same månad i 2017.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix