Annonse

Golf: Hovland går saman med Hatton og Kodaira i California

Golfproffen Viktor Hovland er klar for si andre turnering etter comebacket på PGA-touren førre helg. Det enda med 12.-plass i Las Vegas.

Turen har gått til California og banen på Sherwood Country Club i Thousand Oaks. Hovland startar sin første runde 20.29 norsk tid torsdag kveld.

Han skal gå i ball med engelske Tyrrell Hatton og japanske Satoshi Kodaira dei to første rundane. Dei startar på hol éin torsdag og slår ut frå det 10. holet på runden på fredag.

Endå ein gong blir det ei turnering utan cut. Det vil seie at alle 78 på start får spele òg laurdag og søndag.

Den mest meritterte i feltet er storstjerna Tiger Woods. Mannen med 15 majortitlar slår ut snaue tre kvarter før nordmannen på opningsrunden.

Også meritterte Phil Mickelson spelar i California. Han har spelt på seniortouren dei siste vekene, men vil ha litt betre matching føre kommande Masters i november.

Hovland hadde eit opphald på PGA-touren etter US Open i midten av september, og han fekk mellom anna trekt nokre visdomstenner som plaga han.

(©NPK)

Viktor Hovland er klar for ein ny turnering på PGA-touren. Her saman med amerikanske Xander Schauffele i Las Vegas. Foto: Chase Stevens/Las Vegas Review-Journal via AP / NTB