ANNONSE
Annonse

Golf: Johannessen slo tilbake etter håplaus opning i Paris

Kristian Krogh Johannessen hadde heile tre dobbeltbogeyar på opningsrunden sin av europatourturneringa i Paris, men enda likevel berre eitt slag over par.

Nordmannen starta med ein birdie, men pådrog seg ein lei dobbeltbogey på det neste holet. Han fekk same tilbakeslag på sitt sjette hol for dagen, medan det vart bogey rett etter.

På sitt tiande hol (det første holet til banen) noterte Johannessen ein birdie før han rauk på den tredje dobbeltbogeyen sin (eit par-tre-hol). Han reparerte noko då han fekk birdie på det neste holet og tok seg til fire slag over par.

Tre birdiar til følgde på siste halvdel av runden torsdag. Med det la Johannessen seg eitt slag over par. Akkurat no er han på ein delt 75.-plass.

Den einaste nordmannen i aksjon i Paris må kjempe for å klare cuten på runden fredag.

(©NPK)

Kristian Krogh Johannessen enda to slag over par på opningsrunden sin i Paris torsdag med mellom anna tre dobbeltbogeyar. Foto: Heiko Junge / NTB

ANNONSE
Annonse