Golf-Olesen framleis utestengd etter flybråk

Til liks med PGA Touren held europatouren fast ved at danske Thorbjørn Olesen skal utestengast som følgje av siktingane mot han.

For ein dryg månad sidan møtte Thorbjørn Olesen i retten i London. Der avviste han dei tre forholda han er sikta for. Alle forholda stammar frå ein flytur frå Nashville til London i slutten av juli.

Eitt av punkta handla om «seksuelt overgrep mot ei kvinne», som omfattar kontakt av seksuell karakter utan samtykke. Olesen skal ha forulempa ei flyvertinne. I tillegg var han skulda for vald, og for å ha vore rusa om bord på flyet. Olesen skal mellom anna ha urinert i midtgangen.

Han nekta straffskuld på alle punkt.

Ein talsmann frå PGA Tour seier at Olesen heller ikkje får spele på europatouren. Der har han fem sigrar hittil i karrieren.

- Som vi tidlegare har meldt, er skuldinga av det slaget at vi tar henne ytst alvorleg. Vi skjønner at Olesen har vorte suspendert frå europatouren, og det er ei avgjerd vi støttar, skriv ein talsmann i ein e-post til det danske nyheitsbyrået Ritzau.

Dei skriv òg at dei har suspendert dansken frå å delta på framtidige turneringar på PGA-touren, inntil noko anna er meldt. Fleire kommentarar har ikkje talsmannen.

Ei eventuell rettssak vil finne stad i mai 2020. Først då vil det òg falle ein endeleg dom i saka.

(©NPK)

Golfspelar Thorbjørn Olesen møtte i retten i august. Han er framleis utestengd. Foto: Alastair Grant / AP / NTB scanpix.