Annonse

Graham Hansen og Barcelona møter Juventus i meisterligaen

Det er duka for eit herleg oppgjer når Caroline Graham Hansen og Barcelona møter Juventus i 16.-delsfinalen i meisterligaen for kvinner.

Annonse

Det vart klart etter trekninga på fredag ved UEFA-hovudkvarteret i Nyon.

Barcelona ønsker å revansje fjorårets finaletap mot Ada Hegerberg og Lyon ved å gå heilt til topps i årets meisterliga. For å oppnå målet har klubben derimot sikra seg den norske landslagsspelaren Caroline Graham Hansen frå tyske Wolfsburg.

Oslo-kvinna er langt ifrå den einaste norske spelaren som skal i aksjon i den første utslagsrunden til meisterligaen. Ada Hegerbergs Lyon er store favorittar til å slå russiske Rijazan.

Karina Sævik og Paris Saint-Germain skal i aksjon mot Braga frå Portugal. Samtidig skal Piteå-duoen June Pedersen og Andrea Norheim møte danske Brøndby.

Mitrovica frå Kosovo blir motstandaren til Wolfsburg med Kristine Minde og Ingrid Syrstad Engen på laget.

Første oppgjer blir spelt 11./12. september, medan returoppgjeret er to veker seinare. Finalen blir spelt i Wien 24. mai.

(©NPK)

Caroline Graham Hansen spelar i den spanske storklubben Barcelona. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix