Tolga-ordførar: - Ein tydeleg vekkar for Kommune-Noreg

Feil diagnosar, feil bruk av diagnosar og mangel på dialog er nokre av funna i Tolga-saka. - Mykje har gått gale, seier kommunalminister Monica Mæland (H).

Feil diagnosar, feil bruk av diagnosar og mangel på dialog er nokre av funna i Tolga-saka. - Mykje har gått gale, seier kommunalminister Monica Mæland (H).

- Dette skal ikkje skje, sa ho etter å ha teke imot granskingsrapporten om dei tre brørne, som utan å vite det var registrert som psykisk utviklingshemma, og vart sett under verjemål mot sin vilje.

Etter at VG avslørte saka i fjor haust, bad regjeringa Helsetilsynet, Statens sivilrettsforvaltning og Fylkesmannen i Hordaland (no Vestland) om å setje i gang ei gransking.

Rapporten viser at det har vore manglande dialog og medverknad mellom dei ulike partane. Det har vorte ført feil diagnose, diagnosar er brukt feil og brørne har ikkje vorte snakka med.

Det er funne feil ved registreringa til kommunen, noko som har ført til utbetaling av sju millionar kroner frå staten på feil grunnlag. Det er ikkje teke stilling til om staten vil krevje å få pengane tilbake.

- Ein vekkar

Under to timar etter den første pressekonferansen, orienterte ordførar Ragnhild Aashaug (Sp) og rådmann Siv Stuedal Sjøvold i Tolga kommune pressen om rapporten i Oslo.

- Aktsemda vår var ikkje god nok her, men det er heller ikkje så lett å vere aktsam nok når rundskriva vi får ikkje er klarare enn dei er. Eg trur nok dette har vore ein tydeleg vekkar for heile Kommune-Noreg når det gjeld akkurat denne ordninga, seier Aashaug til NTB.

Rapporten peikar på at det vart gjort ein feil som ikkje vart retta opp.

- Diagnosen som er stilt og innrapporteringa i inntektssystemet som har skjedd her bygger på ei misforståing. Det vart gjort ein administrativ feil som førte til ein følgjefeil. Det beklagar vi sterkt og det skal ikkje skje igjen. For oss blir det viktig å betre rutinane på det. Det er bra at det òg blir kravd forbetringstiltak på rundskriv, seier ho.

Ordføraren håper dei tre brørne føler at dei har fått svar på det dei lurte på.

- Vi skal invitere dei til eit møte slik at vi kan rette blikket framover i forhold til dei tenestene vi skal yte til dei. Då er det viktig å snakke med - og ikkje om.

Dårleg saksarbeid

«Sakene var ikke tilstrekkeleg opplyst for å opprette vergemål. Da dette likevel ble gjort, skulle vergemålene vært opphevet tidlegere», heiter det vidare i rapporten.

- Andre skal ikkje få oppleve det same som desse tre brørne, sa helseminister Bent Høie (H) som unnskylda behandlinga dei har vorte utsette for.

Lars Peder, Arvid og Magnus Holøyen vart alle registrerte som psykisk utviklingshemma av kommunen. To av dei hadde ikkje diagnosen, mens den tredje først fekk diagnosen etter at han var registrert som psykisk utviklingshemma av kommunen. Verjemåla vart sidan oppheva.

Advokaten til familien Nicolai Skjerdal varslar at brørne truleg kjem til å be om erstatning.

- Vi har ikkje teke stilling til noko beløp. Vi har per i dag ikkje fullstendig tilgang til dokumenta i saka, det kjem til å bli ein vidare graveprosess overfor kommunen og fylkeskommunen, seier han til NTB.

Tiltak i gang

Regjeringa har alt sett i gang stikkprøvekontrollar av det faglege grunnlaget for diagnosen psykisk utviklingshemming. Departementet gjennomgår òg verjemålssaker for å avdekke om fleire har fått verjemål mot sin vilje.

Regjeringa har òg sendt ut forslag til endringar i verjemålslova og vil presiserer at ordinært verjemål skal vere frivillig, og at ein først skal snakka med dei som får verje.

Assisterande direktør Heidi Merete Rudi i Statens helsetilsyn seier til NTB at denne saka kunne ha vore avdekt tidlegare.

- Samhandling mellom ulike vesen er kompliserte. Det slåande er å vere oppmerksam når det blir stilt spørsmål ved om noko er riktig eller ikkje. Då må ein gå etter og revurdere. No håpar vi at dei tilrådingane vi har gitt blir følgde opp. Vi har ingen haldepunkt for at nokon har gjort noko gale med vilje. Då må ein prøve å legge til rette for at folk ikkje snublar når dei skal bidra for at folk skal få hjelp, seier Rudi.

Helseminister Bent Høie (H) og kommunalminister Monica Mæland (H) slår fast at feila som ramma Holøyen-brørne ikkje skal skje. Rune Fjeld frå Fylkesmannen i Vestland overleverte måndag granskingsrapporten om Tolga-saka til regjeringa. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...