Annonse

Greta Thunberg leidde klimaprotest i Paris

- Global oppvarming er eit lovbrot mot menneska! ropte unge klimaaktivistar med svenske Greta Thunberg (16) i spissen i Paris fredag.

- Global oppvarming er eit lovbrot mot menneska! ropte unge klimaaktivistar med svenske Greta Thunberg (16) i spissen i Paris fredag.

Thunbergs elev-demonstrasjonar har spreidd seg til ei rekke europeiske land, men det har ikkje vore halde store demonstrasjonar i Frankrike før no.

Men fredag deltok fleire tusen menneske i Paris, ifølgje nyheitsbyrået DPA. «Baby, it used to be cold outside,» stod det på ein av plakatane - som venteleg viste til ein amerikansk song som har vorte utsett for metoo-kritikk.

Thunberg byrja i fjor å skulke skulen kvar fredag for å demonstrere i Stockholm med krav om meir effektive tiltak mot klimaendringane.

Protesten til den svenske jenta har det siste halvåret inspirert skuleelevar og tenåringar i Brussel, Sydney, Berlin, London og fleire andre byar. I Brussel er det halde store klimademonstrasjonar mange veker på rad. Torsdag deltok rundt 7.500 belgiske elevar, og Thunberg fekk tale for fleire av dei viktigaste EU-leiarane.

- Eg trudde aldri at det skulle bli så stort, og eg synest det er fantastisk, sa Thunberg i Paris før demonstrantane strøymde ut i gatene der.

(©NPK)

Klimastjerna Greta Thunberg (16) gjekk i spissen for mange demonstrantar i Paris fredag. Foto: François Mori / AP / NTB scanpix

Skuleelevar marsjerte gjennom Paris fredag med krav om meir effektive tiltak for å kjempe mot klimaendringane. Foto: François Mori / AP / NTB scanpix