Annonse

Grøn bølgje i Belgia

Dei grøne fossar fram før valet til nasjonalforsamling i Belgia. I hovudstaden Brussel er dei no størst.

Det belgiske partilandskapet er vanskeleg å få oversikt over. Nederlandsktalande Flandern og fransktalande Vallonia har kvart sitt sett med parti, og i Brussel deltar parti frå begge regionar.

Men éin ting er klart: Dei grøne partia ligg an til å gjere eit brakval.

I ei måling utført av Kantar for fleire belgiske medium, får det fransktalande grøne partiet Ecolo ei oppslutning på heile 21,5 prosent i hovudstadsregionen. Ecolo ligg dermed an til å bli største parti i Brussel - dobbelt så stort som i førre val i 2014.

I Vallonia er det framleis sosialistpartiet PS som er størst. Men Ecolo ligg hakk i hæl og får 22,0 prosent på gallupen, opp frå berre 8,2 prosent i valet i 2014.

Den flamske motparten Groen ligg på tredjeplass i Flandern med ei oppslutning på 14,6 prosent. Groen fekk 8,6 prosent av stemmene i 2014.

Framgangen til dei grøne partia kjem etter ein periode med massive klimademonstrasjonar i Belgia. Inspirert av svenske Greta Thunberg har titusenvis av belgiske skuleelevar gått i demonstrasjonstog med krav om skjerpte klimatiltak.

Valet går av stabelen 26. mai.

(©NPK)

Belgiske ungdommar demonstrerer for klimaet utanfor sentralstasjonen i Brussel. Foto: Francisco Seco / AP / NTB scanpix