Grøn Ungdom-leiar søkjer på jobben som direktør i Norsk olje og gass

Nasjonal talsperson i Grøn Ungdom, Teodor Bruu, har søkt på stillinga som ny direktør for Norsk olje og gass.

Det opplyser Grøn Ungdom i ei pressemelding.

– Norsk olje og gass treng ein direktør som tør å innsjå at stordomstida til olje- og gassnæringa er over, og som kan leie næringa inn i det grøne skiftet og inn i nye næringar som havvind og kabelteknologi, som har mykje overføringskompetanse frå olje- og gassindustrien, skriv Bruu i søknaden.

I januar opplyste Karl Eirik Schjøtt-Pedersen at han går av som toppsjef i NHO-foreininga Norsk olje og gass. Han har den siste arbeidsdagen sin 28. januar.

(©NPK)

Teodor Bruu, talsperson i ungdomspartiet til Miljøpartiet Dei Grøne, Grøn ungdom, vil bli ny sjef for Norsk olje og gass. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix