Grunneigarar i Troms krev 255 millionar kroner frå vindpark-utbyggar

Tre grunneigarar i Troms krev 255 millionar kroner frå utbyggaren av Nord-Noregs størst vindmøllepark etter det dei meiner er brot på avtalevilkår.

Denne veka trekte dei tre grunneigarane Nordlys Vind for Nord-Troms tingrett med krav om økonomisk kompensasjon. Dei hevdar utbyggaren har tatt seg til rette og brote avtalen dei hadde, ifølgje NRK

Grunneigarane meiner dessutan dei har fått for lite betalt, og at betalinga dei fekk, kom for seint.

Dei meiner Nordlys Vind har brote fleire punkt i avtalen - mellom anna løfte om infrastruktur og ein molo som ville tene nærmiljøet. Dette vart ikkje bygd. Grunneigarane ønskte derfor å heve avtalen. Då bygginga heldt fram, gjekk dei til søksmål med krav om 255 millionar kroner.

Prosjektleiar Stephan Klepsland i Nordlys Vind avviser påstandane om avtalebrot og meiner selskapet har sitt på det tørre.

- Betalingane vart forseinka fordi grensene på fjellet ikkje var trekt opp før hausten 2018. Då vi fekk grensesettinga frå jordskifteretten, byrja vi å berekne betaling for kvar enkelt grunneigar, seier han.

Når utbygginga av Kvitfjell og Raudfjell er ferdig, kjem anlegget til å produsere meir enn 800 gigawattimar (GWh) fornybar elektrisitet i året.

(©NPK)