Annonse

Gullballen skal delast ut til kvinnelege spelarar

Fotballmagasinet France Football har bestemt seg for at tradisjonsrike Ballon d'Or frå i år skal delast ut til både kvinner og menn.

- Kvinnefotballen er i medvind og fortener same respekt som herrefotball, fastslår France Footballs sjefredaktør Pascal Ferre overfor nyheitsbyrået AP.

- Disiplinen veks seg stadig større. Over 760 millionar TV-sjåarar såg kampane i kvinnenes fotball-VM i 2015. Det skjedde ikkje på slump, fortset han.

Ballon d'Or, ofte omsett til «Gullballen» på norsk, er rekna som den mest prestisjetunge individuelle prisen ein fotballspelar kan vinne. Sidan 1956 har France Football delt ut trofeet til den mannlege spelaren som utvalde sportsjournalistar stemmer fram som verdas beste over det siste kalenderåret.

I desember i år skal Gullballen altså delast ut til både den beste mannlege og kvinnelege fotballspelaren i verda.

Norsk sjanse?

Det kan bety at Lyon-proffen Ada Hegerberg, som er nominert til FIFAs pris til årets kvinnelege fotballspelar for 2017/18, skal kjempe om den gjeve prisen som til no har vore øyremerkt menn.

På FIFAs prisgalla er ho nominert saman med den tyske klubbvenninna Dzsenifer Marozsán og den brasilianske stjerna Marta.

- Eg har alltid ønskt å sjå ei kvinne vinne denne prestisjefylte prisen. Det er eit steg mot meir likestilling når ein ser at ein pris av den betydninga også blir delt ut til kvinnespelarar, seier Marta til France Football.

Nytt av året er det også at verdas beste spelar under 21 år skal få ein egen gullball.

Regjerande vinnar av Ballon d'Or er Cristiano Ronaldo. Portugisaren som nyleg skifta klubb frå Real Madrid til Juventus, har vunne prisen fire av dei fem siste åra.

(©NPK)

Blir Ada Hegerberg tidenes første kvinnelege vinnar av Ballon d'Or? Bildet er tatt under Idrettsgallaen i 2017.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix