Klargjør siden...

Gut gjekk gjennom isen i storefri

(NPK-NTB-Steinar Rostad Breivik og Linus Røvik Hauge): Ein tolv år gammal gut gjekk gjennom isen i storefri og blei redda opp av klassekameratar i Kristiansand onsdag. Guten er alvorleg skadd og frakta til Rikshospitalet i Oslo.

Sørlandet sjukehus opplyser like før klokka 13.30 onsdag at guten er alvorleg skadd, tilstanden er ustabil og han er flytta over til Rikshospitalet.

Guten går på Ve skole i Kristiansand og hadde saman med nokre medelevar i 7.-klasse gått utanfor skuleområdet i storefri onsdag, skriv VG.

Ulukka skjedde på Vestjørn, som ligg like ved skulen.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.31 onsdag føremiddag.

– Vi har fått meldingar om at det skal ha vore fleire personar på isen på Vestjørn. Ein av desse har falle under isen. To andre skal ha sprunge etter hjelp, fortalde operasjonsleiar Audun Eide i Agder politidistrikt til NTB.

– Personen er no sendt med ambulanse til sjukehuset i Kristiansand. Vi er ikkje kjende med tilstanden hans, fortalde Eide før sjukehuset kunne opplyse at guten har fått alvorlege skadar og at tilstanden er ustabil

Politiet frykta ei stund at fleire barn hadde hamna i det iskalde vatnet, men kunne etter kort tid fastslå at det ikkje var tilfellet.

Politiets innsatsleiar på staden, Kjell Iveland, seier til Fædrelandsvennen at fleire personar, minst ein av dei lærarar, var ute på isen for å berge guten då politiet kom til staden. Dei blei umiddelbart evakuerte inn på land, og brannvesenet tok seg ut på isen frå andre sida av vatnet. (©NPK)

Annonse