Annonse

Haaland med på stjernelag etter Bundesliga-opninga

Borussia Dortmunds Erling Braut Haaland starta sesongen med to mål og plass på vekas lag hos fotballmagasinet Kicker.

Nordmannen fekk sterke 1,5 på spelarbørsen til det anerkjende fotballmagasinet. Spelarbørsen deira går for å vere den mest prestisjetunge i Tyskland.

Førre sesong vart Bayern Münchens Robert Lewandowski årets spelar med ein snittkarakter på 2,42 poeng etter 31 kampar.

Tre mann oppnådde den beste karakteren ein kan få (1) denne helga. Serge Gnabry og Leroy Sanè (begge Bayern München) og Andrej Kramaric (Hoffenheim) imponerte mest av alle i opningsrunden.

Haaland fekk med seg to lagkameratar på vekas lag: Målvakt Roman Bürki (2) og Giovanni Reyna (1,5).

Nordmannen skåra ein gong på straffe og bidrog i tillegg med eitt spelemål i 3-0-sigeren over Borussia Mönchengladbach.

Haaland er allereie oppe i 18 mål på 20 kampar for Dortmund. Han vart henta frå Salzburg i januar i år. Nettstaden Transfermarkt har sett ein salsverdi på 80 millionar euro, 870 millionar norske kroner, på Haaland.

Held han fram å skåre, er det ikkje utenkjeleg at spissen blir verdsett til over 1 milliard kroner etter denne sesongen.

Dortmund møter Augsburg borte i neste seriekamp. Den blir spelt laurdag. Augsburg er klubben Haaland Bundesliga-debuterte mot med eit hat trick førre sesong.

(©NPK)

Erling Braut Haaland jublar for mål. Det sende han inn på vekas lag hos Kicker. Foto: Bernd Thissen/DPA / NTB