Annonse

Haaland stoppa av vondt kne, norsk 4-0 over Færøyane

Erling Braut Haaland vart plakathelt på Ullevaal. Han fullførte ikkje oppvarminga før Færøyane-kampen og måtte melde avbod.

Annonse

Han vart erstatta av Alexander Sørloth i startoppstillinga. Trønderen nytta sjansen godt og skåra to gonger i 4-0-kampen.

Haaland var det store namnet i oppkøyringa til kampen. Han og Joshua King skulle spele saman. Dei to ser ut til å vere soleklare førsteval for landslagssjef Lars Lagerbäck.

Færøyane-oppgjeret hadde vore eit godt høve for duoen til å øve. No verkar det lite sannsynleg at Haaland er aktuell for Malta-kampen borte måndag.

- Erling fekk ein liten smell i kneet på treninga torsdag. Den fekk han kontakt med under oppvarminga fredag, seier Svein Graff i Norges Fotballforbund til NTB.

Frå før var den andre store norske yndlingen, Martin Ødegaard, ute av troppen på grunn av ein skade.

Haaland starta oppvarminga på Ullevaal, men cirka 20 minutt før kampstart forsvann han i garderoben. Då vart Sørloth sett inn i full fart.

Topp

Haaland har hatt ein strålande haust for Salzburg. Der står han med 26 mål denne sesongen. Sju av desse har komme i Meisterligaen.

Fredag skulle han med pappa Alf Inge Håland på tribunen prøve og skåre sitt første A-landslagsmål. Det må vente, og kanskje får han ikkje sjansen til å bryte den barrieren før i semifinalen i Uefas nasjonsliga i mars.

Haaland har to A-landskampar for Noreg. Han spelte frå start mot Malta og kom inn som reserve mot Sverige. Desse kampane vart spelte i september.

Haalands neste klubbkamp går 23. november mot St. Pölten.

I Haalands fråvær var det midtstopparen Tore Reginiussen som skåra Noregs første mål etter knapt fire minutt mot Færøyane. Iver Fossum hælsparka inn 2-0 ikkje lenge etter.

(©NPK)

Morten Thorsby og Erling Braut Haaland (til høgre) under trening på Ullevaal. Fredag måtte sistnemnde gi seg under oppvarminga. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix