Annonse

Hadi Srour boksar mot russar i Hamburg

Den norske boksaren Hadi Srour (23) stadfestar fredag at han møter russiske Evgenii Vazem i ringen 16. august.

Den norske boksaren Hadi Srour (23) stadfestar fredag at han møter russiske Evgenii Vazem i ringen 16. august.

Til Nettavisen seier Srour at kampen kan definere karrieren hans.

- Ikkje noko anna er aktuelt for meg enn siger. Eg må vise dei at eg er den beste boksaren i Noreg og denne kampen kjem til å snu ting på hovudet, seier han.

Dette blir den tredje proffkampen til 23-åringen. Boksaren frå Tønsberg er førebels ubesigra.

Motstandar Vazem har gått 15 proffkampar. Russaren har vunne åtte og tapt sju.

(©NPK)

Hadi Srour boksar i Hamburg i august. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix