Hagen tar fri når Stortinget vedtar nye bompengeprosjekt

Tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen kjem ikkje til å vere i Stortinget når tre nye og bompengefinansierte prosjekt blir vedtatt onsdag. Han har søkt permisjon.

Hagen skal delta på møte i Oslo rådhus når prosjekta blir endeleg behandla i Stortinget, ifølgje Aftenposten. Avisa meiner samtidig å vite at Hagen har bestemt seg for å gi seg som «opprørsleiar» i partiet.

Bompengemotstanden i Framstegspartiet skaut fart etter at Hagen i vår fekk landsmøtet til partiet med på eit vedtak om å bruke oljefondet til å slette bompengegjeld på inntil 100 milliardar kroner.

Stortinget skal onsdag vedta tre store bompengeprosjekt. Det skapte bruduljar då behandlinga av to av prosjekta vart utsette. Dei skulle opphavleg behandlast 5. juni, same dagen som Frp heldt det ekstraordinære landsstyremøtet sitt der bompengesituasjonen vart drøfta.

Frp-leiar Siv Jensen har likevel uttalt at partiet er bunde til å seie ja til å auke bompengeutgiftene med 15 milliardar kroner gjennom dei tre prosjekta som no skal vedtakast. Det handlar om finansiering og utbygging av E18-strekninga Langangen-Dørdal i Telemark, E6-strekninga Ulsberg-Melhus i Trøndelag og E6-strekninga Moelv-Øyer i Hedmark og Oppland.

(©NPK)

Tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen på veg ut etter eit gruppemøte i stortingsgruppa til partiet nyleg. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix