Riksadvokaten i Haiti sparka – ville sikte statsminister for presidentdrap

Riksadvokaten i Haiti tilrådde å sikte statsministeren, Ariel Henry, for attentatet på president Jovenel Moïse. Kort tid etter fekk riksadvokaten sparken.

Riksadvokat Bed-Ford Claude har bede om at statsministeren blir sikta for attentatet mot Moïse i sommar.

– Det er tilstrekkeleg med kompromitterande element til å ta ut sikting mot Henry og be om at han blir tiltalt, skreiv Claude i ordren. Han bad òg politiet sørgje for at statsministeren ikkje kan forlate landet.

Brevet vart sendt frå kontoret til påtalemakta til den ansvarlege domstolen. Det er uvisst om tilrådinga blir teken til følgje.

Dommaren skal no ha ein frist på tre månader for å vedta om statsministeren skal siktast eller ei, ifølgje talsperson Brian Concannon i den USA- baserte ideelle organisasjonen Institute for Justice and Democracy in Haiti (IJDH),

Riksadvokaten sparka på dagen

Riksadvokat Claude bad tysdag om eit møte med statsministeren for å få han til å forklare seg om kvifor ein av dei hovudmistenkte for drapet hadde ringt til han to gonger berre få timar etter drapet. Kort tid etter fekk Claude sparken av statsministeren.

– Eg har gleda av å informere deg om at det er vedteke å seie deg opp, heiter det i ein offisiell uttale frå Henry.

Det er ikkje gjort klart om avskjeden kom før eller etter at riksadvokaten bad om at statsministeren vart sikta. Claude skal ha vorte fortalt at han fekk sparken som følgje av ein udefinert «alvorleg administrativ feil» og at avskjeden tredde i kraft omgåande.

Henry har ikkje direkte kommentert desse skuldingane, men gjekk nyleg ut på Twitter for å fordømme det han meiner er påstandar meint for «å skape forvirring og hindre rettferd».

Ein maktkamp

President Jovenel Moïse vart skoten og drepen i heimen sin 7. juli, og kona hans Martine Moïse vart alvorleg skadd.

Kort tid etter vart over 20 personar arresterte og sikta for drapet. Dei aller fleste av dei er utanlandske statsborgarar.

Fleire av etterforskarane i saka har gått i dekning etter at dei skal ha fått drapstruslar med krav om å endre spesifikke namn og utsegner i etterforskingsrapportane. I tillegg trekte ein dommar seg av personlege grunnar førre månad etter at ein av assistentane hans døydde under uklare omstende.

Haiti-ekspert Robert Fatton ved Universitetet i Virginia i USA seier det er ein tydeleg maktkamp i den haitiske regjeringa mellom statsminister Henry og støttespelarane til avdøde Moïse.

– Vi har ein veldig forvirrande situasjon, ein maktkamp der det står att å sjå kven som kjem sigrande ut. Det er førebels uvisst kvar dette ber, og det er uklart kva det internasjonale samfunnet synest om det heile, seier Fatton.

Stadig fleire kriser

Haiti er eitt av dei fattigaste landa på den vestlege halvkula og blir jamleg ramma av den eine krisa etter den andre, mellom anna politisk krise, manglande mattryggleik, omfattande kriminalitet og koronapandemien.

Presidentdrapet bidrog til ytterlegare uro, og både kriminaliteten og koronasmitten har skote i vêret dei siste månadene.

Landet er dessutan sterkt prega av kriminelle bandar som blir stadig mektigare. Bandane, som har drive tusenvis på flukt frå heimane sine, drepe sivile og plyndra matlager, har i lang tid vorte finansiert av innverknadsrike politikarar.

I midten av førre månad vart landet ramma av eit stort jordskjelv med ein styrke på 7,2. Skjelvet kravde rundt 2.200 menneskeliv. Framleis slit Haiti etter det kraftige jordskjelvet for elleve år sidan, då heile 200.000 menneske mista livet.

(©NPK)

Haitis statsminister Ariel Henry gav tysdag riksadvokaten sparken, etter at riksadvokaten hadde bede ein dommar ta ut sikting mot Henry for drapet på presidenten. Arkivfoto: Joseph Odelyn / AP / NTB

Haitis president Jovenel Moïse vart drepen i heimen sin 7. juli. Kona Martine Moïse vart alvorleg skadd i attentatet. Arkivfoto: Joseph Odelyn / AP / NTB

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...