Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-TT): Ikkje gå rundt i halloweenkostyme med leikevåpen! Slik lyder åtvaringa frå svensk politi etter skuleangrepet i Trollhättan.
npk@npk.no
Publisert: 23.10.2015 kl 18:33
Bortsett frå at utkledninga kan skremme folk, kan det vere direkte farleg for den utkledde sjølv, ifølgje politiet, som allereie er blitt varsla om fleire episodar der dei har vore tvinga til å gripe inn.
– Politiet må kontrollere alle meldingar viss dei verkar mistenkjelege, seier Martin Lundin ved svensk politis nasjonale operative avdeling (NOA). Viss politiet ikkje umiddelbart kan avgjere om det er ein spøk, må dei gjere ein grundig kontroll.
– Følgjer ein ikkje avvisningane til politiet, noko som lett kan skje viss ein ikkje forstår alvoret ettersom det er ein spøk, så kan det bli farleg, seier Lundin. Han understrekar at politiet kan kome til å bruke skytevåpen mot personar som ikkje vil la seg gripe.
Han oppfordrar personar som vil feire halloween med kostyme og leikevåpen, om å halde seg heime.
– Heime kan det vere greitt, men ikkje spring ut på byen, spesielt ikkje no, seier Lundin.
21-åringen som drap to personar og såra to andre på Kronan skule i Trollhättan, var kledd i svart kappe, svart hjelm og svart maske. Han brukte to stikkvåpen mot offera, eit sverd og ein kraftig kniv. (©NPK)