Annonse

Handball: NM-finalane må flyttast

NM-finalen i handball for menn i romjula blir flytta til Hamar, medan cupfinalen for kvinnene er utsett på ubestemd tid, opplyser Norges Håndballforbund.

Dermed blir det justeringar for begge oppgjera, sjølv om herrefinalen mellom Elverum og Nærbø kan avviklast den planlagde datoen 29. desember.

Oslo Spektrum vart uaktuell som arena fordi det ikkje er lov med publikum i hovudstaden.

– Med desse finalelaga ville Oslo Spektrum vorte fylt opp til randa igjen. Under dei rådande forholda er det klart at det ikkje blir nokon publikumsfest i år. Derfor har vi vorte nøydde til å justere, seier kommersiell sjef Jan-Erik Aalbu i NHF.

Kvinnefinalen mellom Vipers og Sola blir utsett på grunn av karantenereglane for spelarane som kjem frå handball-EM i Danmark.

– Vi kjem tilbake med dato og spelestad så snart dette er klart, seier Aalbu.

(©NPK)

Elverums NM-finale mot Nærbø blir flytta frå Oslo til Hamar. Foto: Geir Olsen / NTB