Klargjør siden...

Handball: Rekruttgutane fekk revansje

Riga (NTB): Det norske rekruttlandslaget for menn heldt kva dei lova. Latvia vart slått 34– 21 i det andre møtet på bortebane onsdag.

Tysdag spelte laga uavgjort 27-27, men onsdag klinte rekruttgutane til med ein solid siger.

– Vi reiste oss og spelte ein verkeleg bra kamp frå start til slutt, kommenterte landslagstrenar Joar Gjerde.

Rekruttlandslaget fekk ein strålande start på kampen og var tidleg oppe i ei tremålsleiing. Forsvaret arbeidde tett og solid, og laget sprang inn enkle kontringsmål.

– Det etablerte angrepsspelet var dessutan av høg klasse. Vi bevegde oss over soner og hadde tolmod – og spelte Latvia heilt ut i fleire angrep, sa Gjerde.

Haslums Magnus Søndenå vart norsk toppscorar med ni fulltreffarar. (©NPK)

Annonse