Annonse

Handball: Tidlegare Sola-trenar klar for Viking

Scott Harrington tek over som trenar for Viking HKs eliteserielag i handball. Dei rykte opp frå førstedivisjon sist sesong.

Han tek over etter Joar Gjerde, som sa frå i mai om at han gir seg. Gjerde leidde laget frå 2.-divisjon til eliteserien på tre sesongar.

– Vi har tidlegare vist at vi har ein kultur i klubben som får unge talent til å blomstre. Filosofien hans Scott passar oss godt, og vi er òg svært glad for at valet av ny hovudtrenar har vorte godt motteke i spelargruppa, skriv klubben i ei pressemelding.

Harrington kjem frå hovudtrenarjobben i Sola, der han gav seg etter sju strake tap. Briten har tidlegare vore assistenttrenar for det kinesiske handballandslaget, og dessutan hovudtrenar for Færøyane.

(©NPK)

Scott Harrington er Vikings nye trenar. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix