Delvis handelssemje mellom Kina og USA

Kina og USA er samde om det som blir omtalt som første fase av ein ny handelsavtale.

Første fase inneber at USA avlyser toll som var varsla på kinesiske varer frå førstkommande søndag.

– Tollinnføringa som var varsla frå 15. desember, blir ikkje noko av som følgje av at vi har inngått ein avtale, skriv president Donald Trump på Twitter.

I byte aukar Kina importen sin av amerikanske produkt, opplyser Trump og Kinas visehandelsminister Wang Shouwen.

– Vi startar forhandlingar rundt fase to av handelsavtalen umiddelbart, i staden for å vente til etter 2020-valet. Dette er ein utmerkt avtale for alle, skriv Trump på Twitter.

– Svært stor

Presidenten omtaler semja på fredag som omfattande.

– Vi er samd med Kina om ein svært stor fase éin-avtale. Kina har gått med på mange strukturelle endringar og stor import av jordbruksprodukt, energi og industriprodukt, og dessutan mykje meir. Den eksisterande tollen på 25 prosent blir verande som han er, og toll på 7,5 prosent blir lagt på mykje av resten av vara, skriv Trump.

Wang seier på ei presseorientering i Beijing at semja inneber at amerikansk toll på kinesiske varer blir gradvis fasa ut.

Visefinansminister Liao Min seier at Kina ikkje kjem til å innføre ny toll på amerikanske produkt som var varsla som svar på USAs varsla, men no avlyste, toll 15. desember.

Eigarskap og tvisteordningar

USAs handelsrepresentant Robert Lighthizer utdjupar at dei strukturelle endringane som Trump nemner, dreier seg om reformer av korleis den kinesiske økonomien og handelen skal regulerast, fortel TT.

Fase éin-avtalen som no er forhandla fram, dekker tvistespørsmål som opphavsrett, overføring av teknologi, handel med landbruksprodukt og finansielle tenester. Første del av det som skal leie fram mot ein endeleg handelsavtale, omfattar òg valutapolitiske forpliktingar og innføring av eit system for korleis tvistar om avtalen skal tolkast, opplyser Lighthizer.

Wang seier at avtalen omfattar styrking av vern av opphavsrett på varer og tenester, utvida tilgang til den kinesiske marknaden, og sikring av rettane til utanlandske selskap i Kina.

Manglar signatur

Kina og USA har ikkje underteikna denne første delen av avtalen enno, men kunngjeringa om semja kom på plass dagen etter at Trump tvitra at dei to største økonomiske maktene i verda var svært nære ved å oppnå ein «stor avtale».

– Dei to landa har vorte samde om teksten til fase éin av ein avtale for handel og økonomi, seier Wang.

– Begge partar er samde om neste steg. Begge partar vil fullføre dei nødvendige stega for juridisk gjennomgang og omsetjingar så fort som mogleg, og forhandling rundt det spesifikke innhaldet som skal danne grunnlag for formell signering av avtalen, seier Wang.

– Etter at avtalen er underteikna, er håpet at begge partar vil overhalde avtalen, og arbeide hardt for å innføre relevante tiltak i samsvar med den første fasen til avtalen, seier Wang.

(©NPK)

President Donald Trump, her under eit valmøte i Pennsylvania tidlegare i veka, gler seg over handelssemje med Kina, og varslar framleis forhandlingar om ein avtale. Foto: AP / NTB scanpix