Annonse

Hanevold blir bisett fredag: - Takk for fantastiske stunder

Familien og Idretts-Noreg tar eit siste farvel med skiskyttarprofilen Halvard Hanevold fredag. Han døydde 49 år gammal tidlegare i september.

Han lèt etter seg kone og to barn. Det er venta at Asker kyrkje vil vere fylt til siste sitjeplass og vel så det under bisettelsen. Ei rekke norske idrettsutøvarar og -leiarar er til stades, blant dei Hanevolds mangeårige lagkamerat Ole Einar Bjørndalen.

På minnesidene for Hanevold hos gravferdsbyrået Jølstad kjem det fram kva for ein sterk posisjon han hadde rundt omkring i Noreg etter karrieren som skiskyttar og TV-jobben i NRK. Der er det svært mange minneord.

«Takk for mange uforglemmelige øyeblikk på skjermen! Husker fortsatt gullet i Nagano som et stort høydepunkt i norsk skiskytterhistorie. Hvil i fred!»

«Ufattelig trist, Halvard Hanevold sto for det beste i norsk idrett. Takk for fantastiske øyeblikk fra utallige mesterskap, spesielt fra Holmenkollen. Alltid smilende og stilte villig opp til intervjuer til stor glede for publikum på stadion.
Føler med familien og alle som sto Halvard nær.
Hvil i fred.»

Tre borte

Hanevold tok tre OL-gull og vart verdsmeister fem gonger i ein lang karriere.

På berre 14 månader har tre norske skipersonlegdommar gått bort i ung alder. Vibeke Skofterud omkom i ei ulykke med ein vass-skuter i fjor sommar. Ho vart berre 39 år.

30-årige Ida Eide fekk hjartestopp under eit mosjonsløp for vel eit år sidan. Eide var i fleire sesongar aktiv langrennsløpar. Ho var del av satsingslaget som Hilde Gjermundshaug Pedersen starta i 2008.

Fram til 2010 gjekk ho mange renn i skandinavisk cup og NM for Øystre Slidre IL. Eide var søster til landslagsløpar Mari Eide.

(©NPK)

Kondolanseprotokollen for skiskyttar Halvard Hanevold på Olympiatoppen i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Ole Einar Bjørndalen (til høgre) på veg inn i kyrkja der Halvard Hanevold blir bisett. Tidlegare landslagslege Bård Freberg til venstre. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix.

Asker kyrkje blir fylt opp av sørgande menneske under Halvard Hanevolds bisetjing.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Ole Einar Bjørndalen (til høgre) og Halvard Hanevold etter eit renn i 2009. Foto: Anders Wicklund / TT / NTB scanpix.