Hans Christian Holte held fram som skattedirektør

Skattedirektør Hans Christian Holte (54) får ein ny seksårsperiode som direktør i Skatteetaten, som han har leidd sidan 2013.

Skattedirektør Hans Christian Holte (54) får ein ny seksårsperiode som direktør i Skatteetaten, som han har leidd sidan 2013.

Holte lovar å halde fram forenklingsarbeidet i neste periode.

- Eg vil arbeide for at det blir endå enklare å innrette seg etter skattar og avgifter i åra framover. No må vi spesielt få fart på forenkling for næringslivet, seier Holte.

Han seier Skatteetaten skal vere «ein lyttande etat».

- Eg kjem til å ha ei open dør for dei som har forslag til korleis vi kan forbetre oss, seier skattedirektøren.

Framover skal Skatteetaten framleis bidra godt til internasjonale løysingar på skattemessige utfordringar knytt til auka globalisering og digitalisering, ifølgje Holte.

- For å sikre rettferdig konkurranse og finansiering av velferdsstaten, må vi òg finne gode løysingar for å skattlegge den digitale økonomien.

Holte har lang erfaring frå statsforvaltinga, mellom anna som avdelingsdirektør i Sosial- og helsedepartementet og som ekspedisjonssjef og assisterande departementsråd i Utdannings- og forskingsdepartementet. Han er utdanna cand.polit. med hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo.

(©NPK)

I åra framover skal Skatteetaten framleis bidra godt til internasjonale løysingar på skattemessige utfordringar knytte til auka globalisering og digitalisering, ifølgje skattedirektør Hans Christian Holte. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix