Annonse

Hareide åtvarar mot individualisme på høgresida i ny bok

I ei ny bok åtvarar KrF-leiar Knut Arild Hareide mot individualisme på høgresida og slår samtidig fast at KrF er eit «fellesskapsparti».

Annonse

Partiet står midt i eit vegval om samarbeid med den politiske høgresida eller venstresida, og boka vil truleg bli lesen med interesse av folk som lurer på kvar KrF-leiaren står i dette spørsmålet. Klassekampen har fått tilgang til eit kapittel av boka der Hareide skriv at «de sosiale forskjellene i samfunnet er økende, og flere opplever uro og utrygghet». Han går ifølgje avisa langt i å peike på høgresida i politikken for å finne ei årsak.

"Individualismen vi finner i liberalismen på høyresiden i norsk politikk, bekymrer meg. Den gjør alle til sin egen lykkes smed. Det fører til at flere står alene", skriv han.

Samtidig slår Hareide fast at «KrF er et fellesskapsparti», og at «fellesskapet nå er truet».

Varaordføraren i Bergen, Maria Moltu, som melde seg ut av KrF i mars, les utdraget frå boka som eit bevis på at Hareide ser mot venstresida i politikken.

- Dersom dei lanserer KrF som «fellesskapspartiet», ser eg det som eit uttrykk for ei ideologisk retning som passar godt med Arbeidarpartiets slagord om at alle skal med. Det er ei stadfesting på at dei går i den retninga, seier Moltu, som melde seg ut av partiet blant anna fordi ho meinte dei var for utydelege når det gjeld kven dei vil samarbeide med. Ho meiner sjølv at KrF har mest å vinne på å slutte seg til partia i regjeringa.

(©NPK)

KrF-leiar Knut Arild Hareide slår fast at KrF er eit fellesskapsparti. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix